Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Biogass frå mjølkekyr i California kan kutte utsleppa tilsvarande 25.000 personbilar

Eit nytt biogassanlegg i California skal bruke kumøkk til å lage fornybar energi og kutte utslepp.

Metan frå kyr i California skal brukast til å lage fornybar energi. Arkivfoto: Benjamin Hernes Vogl
Metan frå kyr i California skal brukast til å lage fornybar energi. Arkivfoto: Benjamin Hernes Vogl

Den fornybare biogassen vil bli produsert ved at det blir samla inn kumøkk frå lokale mjølkefarmar og prosesserer dei i ein såkalla anaerob metankokar. Anaerob betyr «utan tilførsel av oksygen».

Selskapet som har sett i stand anlegget heiter Calgren Dairy Fuels, og dei fortel agnetwest.com at dei er stolte over å ha fått på plass det aller fyrste av denne typen anlegg i delstaten.

– Det er stort at dette er det fyrste anlegget i California som samarbeider med meieria for å få ned utsleppa, seier hovudeigar av Calgren, Walt Dwelle.

– Dette anlegget aleine vil etter kvart fange metan produsert frå husdyrgjødsel frå meir enn 75.000 kyr, og forhindre at om lag 130.000 tonn klimagassar kjem inn i atmosfæren vår. Det tilsvarar å ta meir enn 25.000 personbilar av vegen i eitt år, seier Dwelle.

Annonse

50 millionar tonn

Metanet som blir samla inn frå meieria vil bli gjort om til fornybar naturleg gass, som skal brukast av eit lokalt gasselskap. Gassen vil der bli bruka til å generere rein energi og som drivstoff til køyretøy med lite utslepp.

Tal viser at California har om lag 30 metankokarar i drift. 50 nye er i utviklingsfasen. I løpet av dei neste 20 åra vil kokarane truleg redusere utsleppa av klimagassar med meir enn 50 millionar tonn.

Ei lov som blei vedtatt i delstaten i 2016 krev at metanutsleppa frå husdyr reduserast med 40 prosent frå 2013-nivåa innan 2030. Meieri-kokarane som er ein del av Calgren-prosjektet, i tillegg til mange andre liknande utbyggingar, finansierast delvis gjennom eit utviklingsprogram som heiter Californias Dairy Digester Research og Development Program.

Neste artikkel

No held Tine-mjølka fire dagar lenger enn for fire år sidan