Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Bilprotest på Haramsøya: – Me syng «Ja, vi elsker» når politiet kjem. Då må dei respektere nasjonalsongen vår

I nesten 20 år har folk på Haramsøya i Ålesund kjempa mot det planlagde vindkraftverket. No har Hans Petter Thue sett ein stoppar – bokstaveleg tala – for den planlagde byggestarten.

Hans Petter Thue har overnatta i bilen sidan torsdag 28. mai. Der har han planar om å bli så lenge han kan. Foto: Privat
Hans Petter Thue har overnatta i bilen sidan torsdag 28. mai. Der har han planar om å bli så lenge han kan. Foto: Privat

– No kom akkurat kona med lunsj, utbryt Hans Petter Thue begeistra.

Han snakkar med Nationen på ei til tider sviktande telefonline frå bilen sin på Haramsøya. Der har han overnatta i over ei veke.

I mars gav regjeringa klarsignal til å byggje dei åtte 150 meter høge vindturbinane på Haramsfjellet.

No står maskinene klare til byggestart – men demonstrantane kjem ikkje til å gjera det lett for dei.

– Dette er ikkje akkurat ein krig, men det er ein kamp der mykje står på spel, seier Birgit Oline Kjerstad, leiar i «Nei til vindkraftverk på Haramsøy» til NRK.

Denne vegen har Thue blokkert med bilen sin. Foto: Privat
Denne vegen har Thue blokkert med bilen sin. Foto: Privat

Nektar å flytte seg

Dei siste dagane har fleire hundre personar samla seg for å markere motstand – noko som kan bli siste gong. Kjerstad håper dei kan unngå rettssak, men meiner at det ligg prinsipielt viktige spørsmål som det er av nasjonal interesse å avklare i saka.

Det fyrste maskinene skal gjera er å byggje ut ein veg som skal brukast til å frakte turbinane opp på fjellet.

Den smale vegen som går der i dag skal utvidast. Dagens veg er ein jordbruksveg for bøndene som har dyrka mark på øya.

Torsdag 28. mai stilte grunneigar Thue bilen sin tvers over vegen. Der søv han i ein sovepose – og nektar å flytte seg før det kjem ei rettsleg kjenning om at han må.

Vegen er nemleg regulert til landbruk – ikkje til industri. Dessutan står han på eiga tomt. Så lenge det er tilfelle meiner Thue at han ikkje bryt lova.

– Me i familien har bytta litt på, slik at eg har kome meg ned på do og fått dusja og slikt, fortel Thue til Nationen søndag ettermiddag.

Annonse

Slik ser det stort sett ut rundt bilen til Thue i desse dagar. Foto: Privat
Slik ser det stort sett ut rundt bilen til Thue i desse dagar. Foto: Privat

Syng og les dikt

Mange har møtt opp for å protestere saman med han.

– Folk har fått med seg protesten vår og tar turen frå land og strand. Dei møter opp og syng og les dikt. Me har veldig god stemning her. Me syng «Ja, vi elsker» når politiet kjem. Då må dei respektere nasjonalsongen vår, ler han.

Han fortel om galgenhumor blant dei frammøtte. Det er eit viktig ledd i å halde humøret oppe, trur han.

Thue fortel at det er enkelt å halde humøret oppe under protesten. Utsikta er ikkje den verste den heller. Foto: Privat
Thue fortel at det er enkelt å halde humøret oppe under protesten. Utsikta er ikkje den verste den heller. Foto: Privat

Frisk kaffi i sjutida

Han meiner at ein ikkje berre kan prate om berekraft og grønt skifte for å forsvare utbygginga.

– Me treng å gjera noko med samfunnet vårt, ja, men me treng ikkje rasere lokalsamfunn, seier Thue.

Dersom vindturbinane blir oppførte er det berre å selje tomtene på øya på billigsal, meiner han.

– Då får me ein femten meter brei veg som aldri vil bli tatt bort att. I tillegg så er det så bratt at dei må skjere ein skråning inn slik du ville skjert eit stykke av ein ost. Det blir eit kjempekutt. Det er ikkje mogleg å så til eit sånt høvelspor. Heile området blir øydelagt. Du vil sjå den skjeringa heilt frå Ålesund. Derfor blir eg sittande her oppe i fjellsida.

Han og familien flytta ut til øya for tre år sidan. Den siste veka har han verkeleg følt seg som ein del av fellesskapet.

– Blir det mykje aleinetid på deg der i bilen?

– Nei. Sistemann gjekk halv to i natt, og førstemann plar kome med frisk kaffi i sjutida. Eg har blitt kjent med mykje folk på øya her, som eg vanlegvis berre helsar på på butikken, seier Thue.

Neste artikkel

Vindkraftmotstander Birgit Oline Kjerstad (SV) blir stortingspolitiker