Annonse
Annonse
Annonse
Annonse
KLIMAREGNSKAP: Thomas Horne er forfatter av «Den store klimaguiden», og har regnet ut utslippene fra valgene vi tar i hverdagen. Foto: Heiko Junge / NTB
KLIMAREGNSKAP: Thomas Horne er forfatter av «Den store klimaguiden», og har regnet ut utslippene fra valgene vi tar i hverdagen. Foto: Heiko Junge / NTB

Biff, fly eller nytt kjøkken? Sjå kva som gjer deg til ein klimaversting

Thomas Horne (47) fekk nokre aha-opplevingar då han rekna på klimaavtrykka til vanlege folk.

Kva slags klimaavtrykk set kvar og ein av oss gjennom vala vi tek dagleg? Kor store utslepp står eigentleg laurdagsbiffen for, og kor ille er det å kjøpe seg ein ny Iphone? Dette er noko av det Thomas Horne bestemde seg for å finne ut gjennom arbeidet med «Den store klimaguiden».

– Ein grunn til at eg har skrive denne boka, er at eg er bekymra for framtida til sonen min, seier forfattaren.

– Eg vil at han skal kunne leve eit like godt liv som det eg har gjort, men veit at det i stor grad er «det gode liv» som er årsaka til klimaendringane. Dette gjer meg nysgjerrig på korleis vi kan halde fram med å leve gode liv med eit heilt anna forbruksmønster.

Fakta

Parisavtalen i korte trekk

* Det skal ikkje bli meir enn 2 grader varmare før år 2100, og aller helst ikkje meir enn 1,5 (samanlikna med førindustriell tid).

* Ein gong mellom 2050 og 2100 skal vi vere klimanøytrale. Det vil seie at vi ikkje skal sleppe ut meir klimagass enn vi kan fange eller fjerne.

* Alle land i verda har eit ansvar for å nå klimamåla, men dei rike landa må gjere mest.

* Rike land skal bidra til at fattige land kan kutte utsleppa sine og tilpasse seg klimaendringane.

* Noreg har forplikta seg til å redusere utsleppa med minst 50 prosent innan 2030, samanlikna med nivået i 1990.

* På noverande tidspunkt ligg ikkje Noreg eingong an til å komme halvvegs i å nå dette klimamålet.

* Ifølgje DNV GLs årlege analyse av energiframtida i verda, vil vi sjå ein temperaturauke på 1,5 grader allereie i 2028.

Kjelder: Fn.no, DNV GL.

Kan spare fleire tonn

Og vi må definitivt endre forbruksmønsteret vårt, meiner Horne. Alt frå mat og klede til bustad og ferie bidreg nemleg til å auke det personlege klimaavtrykket vårt. Gjennom å kartleggje klimaavtrykket, håpar forfattaren å inspirere nordmenn til å vurdere sitt eige forbruk.

Dei ulike klimagassane har ulik grad av oppvarmande effekt. I boka er gassane derfor rekna om til såkalla CO 2 -ekvivalentar (CO 2 e), så utsleppa enkelt kan samanliknast og rangerast. Slik kjem verstingane tydeleg fram.

Køyrar du til dømes i kø til jobben kvar dag, i ein stor bensinbil, kan du faktisk spare mange tonn CO 2 e i året på å byte til kollektivt. Berre å leggje køyreturen til eit tidspunkt då du slepp å køyre i kø, kan faktisk spare deg rundt 4,5 tonn CO 2 e dersom reisevegen din er på 16 kilometer og du køyrer åleine i ein stor bensinbil.

SELVDYRKET: Forfatteren har en liten «grønnsakshage» på balkongen, og har tidligere også skrevet om å dyrke egen mat i byen. Foto: Heiko Junge / NTB
SELVDYRKET: Forfatteren har en liten «grønnsakshage» på balkongen, og har tidligere også skrevet om å dyrke egen mat i byen. Foto: Heiko Junge / NTB

Eit anna område der du lett kan kutte utslepp, ifølgje Horne, er innanfor det han kallar «unødvendig oppussing». Å pusse opp badet for rundt 200.000 kroner gir nemleg eit klimaavtrykk på rundt 8 tonn CO 2 e.

– Unødvendig oppussing er noko av det verste vi nordmenn driv med. Samtidig ser eg jo at det er subjektivt kva som er «nødvendig», og at ikkje alle ville orka å ha det gamle kjøkkenet mitt, seier han.

– Og eg meiner jo ikkje at det er forbode å pusse opp. Det er jo heilt supert viss leilegheita blir så koseleg at du droppar helgeturen til London, legg han til med eit smil.

– Verre enn biff

For flyturane våre kjem, som forventa, dårleg ut. Bustad, bil og biff har ofte vorte trekt fram som dei tre viktigaste områda vi bør redusere vårt eige forbruk på, men Horne er ikkje i tvil om at flyferiar burde rykke opp på pallplass.

– Å flyge tur-retur mellom Oslo og Bergen vil for kvar enkelt passasjer gi utslepp som svarer til rundt fire kilo kjøtt frå melkeku. Dette er ganske mange biffar, seier Horne.

– Eg heiar absolutt på å kutte forbruket av kjøtt, men klimaavtrykket frå kjøtt er nesten provoserande lite når ein samanliknar det med ein helgetur i fly, eller med å pendle til jobben i ein fossilbil.

KLIMAVENNLIG FERIE: I 2019 tok Horne med seg sin sønn, Gabriel, og hans to kompiser, Markus og Wilke, på togferie til Sevilla. Tog er det absolutt mest miljøvennlige alternativet til fly. Foto: Privat
KLIMAVENNLIG FERIE: I 2019 tok Horne med seg sin sønn, Gabriel, og hans to kompiser, Markus og Wilke, på togferie til Sevilla. Tog er det absolutt mest miljøvennlige alternativet til fly. Foto: Privat

Ifølgje Horne vil det å flyge tur-retur mellom Oslo og New York gi eit utslepp på om lag 1.930 kilo CO 2 e per passasjer. Til samanlikning vil ein biff på 200 gram gi eit utslepp på om lag 4,4 kilo CO 2 e. Flyferien til éin nordmann i New York vil altså svare til rundt 440 biffar, eller det fulle klimaavtrykket til 80 kongolesarar på eit heilt år.

Annonse

– Det er kanskje det som sjokkerte meg mest i arbeidet med boka; kor ekstremt stor forskjell det er på klimaavtrykket til fattige og rike. Eg hadde sett for meg at skilnaden skulle vere stor, men ikkje så stor, seier forfattaren.

Fakta

Nokre utvalde klimareknestykke:

* Ein handlepose i økologisk bomull må brukast 150 gonger for å gi klimagevinst, samanlikna med ein plastpose. Dette føreset sjølvsagt at plastposane ikkje hamnar i naturen.

* Kjøtt frå kjøttfe gir 11,3 gonger så store utslepp som kyllingkjøtt.

* Éin kilo kjøtt frå melkeku gir like store utslepp som å pendle med T-banen i Oslo i eit heilt år.

* Grønsaker er veldig mykje meir klimavennlege enn kjøtt, men dersom desse er frakta med fly, går ein god del av vinninga opp i spinninga.

* Vin på flaske gir om lag 50 prosent større utslepp enn pappvarianten. Importert flaskeøl gir heile 80 prosent større utslepp enn norsk flaskeøl.

* Bør du behalde fossilbilen eller kjøpe ny elbil? Over ein periode på seks år vil det alltid lønne seg å byte ut fossilbilen, med mindre du køyrer godt under 5.000 kilometer i året.

* Per kilometer har elsparkesyklar faktisk større klimautslepp enn nokre av dieselbilane. Dette er hovudsakleg fordi elsparkesykkelen har svært kort levetid. Ein annan ting som gjer han til ein klimaversting, er at den oftast erstattar å gå.

Kilde: «Den store klimaguiden»

Annleis globalt

Borgar Aamaas er senior klimaforskar i Cicero, og stadfestar at flyturar utgjer ein stor del av det personlege klimaavtrykket til nordmenn. Samtidig ser det annleis ut på verdsbasis.

MAKT: Borgar Aamaas, seniorforsker i CICERO, tror at forbrukermakten har en stor rolle i det grønne skiftet. Foto: CICERO
MAKT: Borgar Aamaas, seniorforsker i CICERO, tror at forbrukermakten har en stor rolle i det grønne skiftet. Foto: CICERO

– Landbruk står globalt sett for eit veldig mykje større klimaavtrykk enn flytrafikken. Derfor er det ei stor moglegheit for å få ned utsleppa gjennom maten vi et, og då absolutt mest gjennom kjøttproduksjonen, forklarer Aamaas.

– Samtidig er det veldig få menneske i verda som tek fly i det heile, så her i Noreg har flyging mykje meir å seie for det personlege klimaavtrykket til kvar enkelt. Før elfly eventuelt blir ein realitet, utgjer det å flyge mindre derfor ein stor forskjell.

Aamaas foreslår heller å dele inn dei personlege utsleppa våre i fire kategoriar, nemleg transport, mat, bustad og generelt forbruk.

Forbrukarmakt

Klimaforskaren understrekar at det hastar å få ned utsleppa viss vi skal nå klimamåla for 2030. Gjennom Parisavtalen har Noreg forplikta seg til å halvere utsleppa samanlikna med nivåa i 1990, dei neste ti åra.

Sjølv om Aamaas er heilt klar på at det først og fremst er opp til politikarane å gjere dei store utsleppskutta, er han overtydd om at vi som forbrukarar har makt til å utgjere ein forskjell gjennom vala vi tek.

– Å byrje i det små, kan ha stor effekt på sikt. Vala vi tek i kvardagen, kan nok gjere at vi generelt blir meir klar over klimaproblematikken, og då også meir opptekne av at politikarane set i verk tiltak, seier Aamaas.

På same måte som politisk tilrettelegging for klimavennlege løysingar gjer at fleire vel desse, meiner han at valet til forbrukarane kan vere med på å endre næringslivet.

Vårt ansvar?

Éin ting som er viktig å hugse på når ein les «Den store klimaguiden», er at boka fokuserer spesifikt på klimagassutslepp.

– Det er sjølvsagt viktig å ikkje gløyme miljøkonsekvensar som vassforbruk, plast i havet, biologisk mangfald og dyrevelferd, men desse problemstillingane får leggje grunnlaget for andre bøker, seier forfattar Thomas Horne.

SOPP: Et av Hornes hverdagstipsene er å helt eller delvis bytte ut kjøtt med selvplukket sopp. Foto: Heiko Junge / NTB
SOPP: Et av Hornes hverdagstipsene er å helt eller delvis bytte ut kjøtt med selvplukket sopp. Foto: Heiko Junge / NTB

På spørsmålet om kven som har ansvaret for å kutte utsleppa, kjem han med to ulike svar.

– Er det vårt personlege ansvar å redde kloden? Sjølvsagt ikkje! Det trengst jo store strukturelle endringar. Vi treng politikk som gjer det dyrt og ulønnsamt å skade klimaet, og ei teknologisk utvikling som gjer grøne alternativ billegare, seier han.

– Men svaret på det same spørsmålet er òg – ja, vi har alle eit personleg ansvar. Det er til sjuande og sist forbruksmønsteret i verda som er drivaren, og viss vi endrar dette, vil det òg påverke kva som blir produsert.

Neste artikkel

Fylkene er skeptiske til kjøttkutt som klimatiltak – ett sted skiller seg ut