Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Bieliv i byane skal under lupa

Eit nytt forskingsprosjekt skal ta føre seg leveområda til bier i byane.

 Forskarar skal sjå på korleis bier i byar har det. Denne kuben står på taket til butikksenteret på Alnabru i Oslo, men det er i bier i Trondheim det skal forskast på. Foto:Ragna R Jørgensen
Forskarar skal sjå på korleis bier i byar har det. Denne kuben står på taket til butikksenteret på Alnabru i Oslo, men det er i bier i Trondheim det skal forskast på. Foto:Ragna R Jørgensen

I prosjektet BE(E) DIVERSE skal forskarar frå ulike land og fagfelt sjå på korleis urbanisering påverkar insekt og ville planter i ein bykommune, skriv ruralis.no.

Biene spelar ei nøkkelrolle i for plantelivet, men urbanisering gjer at naturmangfaldet hamnar under press. Etter kvart som byane veks og blomsterenger blir erstatta med parkeringsplassar, blir dei attståande grøntområda desto viktigare for biene.

– Heldigvis er det ei auka interesse både blant folk flest og byplanleggjarar for å skape eigna leveområde for blomster og bier i byane, fortel Line Johansen frå Norsk institutt for bioøkonomi, som leier prosjektet, på nettsida nibio.no.

Trondheim er valt ut som forskingsområde, fordi ein ønskjer å studere kva som skjer i ein bykommune i vekst.

Annonse

LES OGSÅ: Raymond Johansen seier ja til bønder i byen

– Ruralis skal velje ut tre-fire område i Trondheim som skal undersøkjast. Det skal vere med nokre gamle bydelar og nokre heilt nye, og så skal vi blant anna samanlikne kva for byplanar ein hadde for biodiversitet og pollinering her, og kva ein faktisk har enda opp med, fortel Frode Flemsæter, som ansvarleg for Ruralis' del av prosjektet.

Trondheim er spennande av fleire grunnar.

– I motsetning til mange andre urbane område i Europa, er det framleis attverande semi-naturlege areal og landbruksområde innanfor bygrensene her. Men på grunn av aukande urbanisering er desse områda under press. I prosjektet skal vi undersøkje korleis utbreiinga og samspelet mellom plantar og pollinatorar vert påverka i areal med ulik grad av urbanisering, seier Johansen.

©NPK

Neste artikkel

Strømmen i sør over ti ganger dyrere enn i Nord-Norge