Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Betre varsling om naturfarar

Takka vere betre samarbeid og samordning mellom Meteorologisk institutt og NVE, kan du no få varsel om alle typar naturfarar rett på mobilen der du bur eller ferdast.

Nye og betre varslingar om naturfare skal vera med å førebyggja skadar i samband med flaum, skred og farleg vêr. I juli 2017 førte kraftig regnvêr til store øydeleggingar i Utvik i Sogn og Fjordane. Foto: Øystein Nøtsund / NVE

Varslingane kjem via varslingstenesta varsom.no som Meteorologisk institutt (MET) og Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) samarbeider om.

Ved å tinga eit gratis abonnement på denne tenesta, kan du no bli varsla på e-post eller tekstmelding kvar gong det blir lagt ut eit varsel om naturfare.

Annonse

– Det siste året har NVE og MET innført fleire tiltak for å standardisera varsling av naturfare og gjera desse varsla lettare forståeleg og raskt tilgjengeleg for alle. Abonnementsordninga er eit døme på eit felles ønske frå både MET og NVE om å tilby nyttige varslingstenester til både beredskapsstyresmaktene og folk flest, seier direktør Roar Skålin ved Meteorologisk institutt i ei pressemelding.

Tenesta er tilgjengeleg på https://abonner.varsom.no.

©NPK

Neste artikkel

Regjeringen vil sette av mer penger til krisetiltak ved flom og skred