Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Betre arealutnytting med nye reglar for plantevernmiddel

Dei nye reglane tek mellom anna høgde for ulike spreiingsteknikkar og avstand til vatn.

Nye reglar for plantevernmiddel gjer at landbruksarealet kan nyttast betre. Foto: Bjarne Bekkeheien Aase
Nye reglar for plantevernmiddel gjer at landbruksarealet kan nyttast betre. Foto: Bjarne Bekkeheien Aase

Tidlegare har etiketten på plantevernmiddel hatt avstandskrav til overflatevatn. Desse krava har tidlegare ikkje tatt omsyn til korleis plantevernmiddelet blir spreidd. Ulike teknikkar kan redusere risikoen for at plantevernmiddelet blir spreidd til vatnet, skriv Mattilsynet i ei pressemelding.

– Dette kan føre til betre utnytting av landbruksareal, men stiller òg høgare krav til kunnskap. Når du nyttar plantevernmiddel har du ansvar for at det blir nytta på ein trygg måte, seier Torhild Tveito Compaore, seniorrådgivar i seksjon planter.

Annonse

Mattilsynet har òg laga ein rettleiar som forklarer korleis ein kan redusere avdrift og korleis ein kan forstå dei nye etikettane.

Mattilsynet har til no godkjent fire nye etikettar der krava har blitt mjukna opp. Det er opp til produsentane sjølv å søke om å endre etiketten.

Neste artikkel

Økologisk fruktdyrking er krevjande