Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Berekraftige julepresangar med nytt digitalt gåvekort

Eit nytt digitalt gåvekort skal gjere det enklare å gi meiningsfulle gåver til folk som har alt. Gåva endar opp hos eit godt føremål til slutt.

Foto: Colourbox
Foto: Colourbox

Gåvekortet «Gi gaven vidare» rettar seg i første omgang mot bedrifter. Seinare vil også private gåver bli med. Opplegget fungerer slik at den som vil gi ei gåve, kjøper kortet med ein viss verdi. Sidan kan mottakaren av gåva gje pengane vidare til eit godt føremål, etter fritt val. Alt skjer enkelt og ukomplisert via det digitale kortet som kjem på e-post.

Annonse

– Med «Gi gaven videre» vil verksemdene sleppe arbeidet med å finne meiningslause gåver til tilsette og kundar. Dei slepp å hente inn tilbod og krangle om kva som skal vere årets gåve. Då vil dei også akseptere å bidra litt slik at «Gi gaven videre» blir sjølvfinansierande, seier initiativtakar Aksel Mjøs til Bergens Tidende. Han er til dagleg er førsteamanuensis ved Norges Handelshøyskole.

Så langt har «Gi gaven videre» kopla seg opp mot rundt 80 ulike gode føremål. Alle organisasjonane er godkjende av Innsamlingskontrollen slik at gjevarane kan vere trygge på at pengane kjem til nytte.

PwC, Sparebanken Vest, Keyteq, Balder Betaling, Prospera, Grieg Foundation, GC Rieber, Oktan Bergen og studentar ved Høyskolen Kristiania og Norges Handelshøyskole har vore med for å få realisert det nye digitale gåvekortet.

Neste artikkel