Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Ber jegerar og turfolk samle bjørnebæsj

Rovdata oppmodar folk til å ha med seg reine plastposar på turar i skog og mark i haust. Dei skal ein bruke til å plukke opp bjørnebæsj viss ein finn det.

Bjørnebæsj inneholder ofte mye bær på sensommeren og høsten. Foto: Jonas Kindberg/Rovdata
Bjørnebæsj inneholder ofte mye bær på sensommeren og høsten. Foto: Jonas Kindberg/Rovdata

Kvart år analyserer Rovdata innsamla bæsjeprøver frå brunbjørn for DNA og brukar resultata i overvakinga av bestanden. Ein stor fordel med metoden er at ein kan overvake bjørnebestanden utan å vera i direkte kontakt med dei, skriv Rovdata i ei pressemelding.

Jegerar og bærplukkarar

– Me oppmodar turgåarar, jegerar, bærplukkarar og andre som brukar naturen til å plukke med seg ein del av bjørnebæsjen dei finn ute i naturen. På seinsommaren og hausten inneheld bjørnebæsj gjerne mykje bær. Me ønskjer at folk tek med seg ein del som er på storleik med ein tommelfinger, og gjerne litt meir, i ei rein plastpose, seier Jonas Kindberg, leiar i Rovdata.

Posen må vera rein for at prøva ikkje skal bli forureina av anna DNA. Pass på at du ikkje blandar borti ditt eige DNA òg, oppmodar dei.

Sjå videoar nedst i saka: Slik kjenner du att bjørnebæsj og slik samlar du den inn

Annonse

Må merkast godt

Berre ein liten del av bæsjen kan avsløre mykje om brunbjørnen. Deriblant kjønn, historikk og leveområde. Gjennom å ha smala inn bæsj årleg sidan 2009 har ein etter kvart fått ei god oversikt over bjørnebestanden i landet.

– Hugs å merke den innsamla prøva med namn og adresse, samt funndato, funnstad og gjerne ei kartreferanse. Oppbevar prøva helst fryst før du leverer den til Statens naturoppsyn lokalt, forklarar Kindberg.

På seinsommaren og hausten er bjørnens ekskrement gjerne mørke i fargen, og inneheld ufordøya restar av bær, planter og av og til insekt.

Slik kjenner du igjen en bjørneskit from NINAforskning on Vimeo.

Slik samler du inn bjørneskit from NINAforskning on Vimeo.

Neste artikkel

Småbrukarlaget mener departement undergraver rovviltforliket