Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Bed om utgreiing om vedtaket om lisensfelling av ulv

Måndag sende stortingsgruppene frå Ap og Sp ut eit brev til statsministeren om å gjere greie for ulvevedtaket som vart lagt fram.

Jonas Gahr Støre, partileiar i Arbeiderpartiet. Illustrasjonsfoto: Siri Juell Rasmussen

I brevet, som tysdag vart publisert i gruppa Folkeaksjonen ny rovdyrpolitikk på Facebokk, bed dei to partileiarane regjeringa om å svare på tre spørsmål om rovdyrvedtaket som Klima- og miljøminister Ola Elvestuen la fram måndag.

I brevet vert det stilt spørsmål ved at vedtaket om å felle berre ein ulveflokk vart gjort trass i vedtaket frå rovviltnemndene, og uttalen frå Miljødirektoratet i september, der direktoratet slo fast at ein truleg kunne nå bestandsmålet i 2019 sjølv om ein vel å ta ut tre ulveflokkar i ulvesona i løpet av lisensfellinga.

– Vi krever ei utgreiing basert på tre ting, sa Marit Arnstad til Nationen måndag.

"Arbeiderpartiet og Senterpartiet ber regjeringen så snart som mulig om å komme til Stortinget og redegjøre for dette vedtaket", heiter det i brevet.

Etterlyser årsak

Annonse

Først i brevet, vert det stilt spørsmål om kva som er årsaka til at regjeringa ikkje held seg til bestandsmålet som Stortinget har vedteke, og dermed set til side vedtak i rovviltnemnda om uttak av revira på Mangen og Hobøl.

I spørsmål nummer to spør partileiarane om årsaka til at regjeringa ikkje anerkjenner den faglege oppgåva og myndet rovviltnemndene har.

"Dette er andre gang regjeringen underkjenner rovviltnemndenes vedtak. I følge Stortingets tidligere vedtak skulle rovviltnemndene ha beslutningsmyndighet i saker som angår rovvilt når man ligger over bestandsmål", skriv dei.

I det siste spørsmålet spør partileiarane:

"Er regjeringen av den oppfatning at det trengs en lovendringfor å kunne oppfylle de vedtak Stortinget har gjort om bestandsmål og uttak av ulv?"

Jonas Gahr Støre (Ap) og Marit Arnstad (Sp) har signert brevet.

Det har ikkje lukkast Nationen å kome i kontakt med nokon frå dei to stortingsgruppene for ein kommentar.

Neste artikkel

Full bompengesplid mellom Venstre og Frp truer regjeringen