Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Årets Matstreif er avlyst

Matstreif, stormønstringa der norske lokalmatprodusentar møter dei over gjennomsnittet matinteresserte kundane, er avlyst i år også.

Festivalen Matstreif vart sist arrangert i Oslo i 2019. Landbruks- og matminister Olaug Bollestad (KrF), saman med Håkon Haugli, leiar i Innovasjon Norge. Foto: Jon-Fredrik Bækgaard Klausen
Festivalen Matstreif vart sist arrangert i Oslo i 2019. Landbruks- og matminister Olaug Bollestad (KrF), saman med Håkon Haugli, leiar i Innovasjon Norge. Foto: Jon-Fredrik Bækgaard Klausen

Det er andre år på rad at det skjer. Årsaka er at det framleis er stor usikkerheit rundt lokale smitteutbrot av korona, skriv regjeringa i ei pressemelding.

Dei skriv også at det har vist seg vanskeleg å finne ein eigna stad å gjennomføre arrangementet på. Matstreif blir arrangert av Innovasjon Norge på oppdrag frå Landbruks -og matdepartementet. Matstreif skulle i år ha vore første helga i september. Også i fjor vart Matstreif avlyst.

Matstreif har blitt arrangert i 15 år og er eit utstillingsvindauge og møteplass for aktørar i mat- og drikkenæringa i Noreg. Ei helg i september har Rådhusplassen i Oslo blitt fylt av folk og varer.

Annonse

I fjor vart det lansert eit alternativt konsept Mat*Larm, som eit handslag til dei produsentane som mista den viktige salsarenaen Matstreif har vore. Mat*larm vil bli gjennomført også i år, 24.–25. september, med nærings- og bransjeorganisasjonen Hanen som prosjektleiar. Detaljane rundt det arrangementet er ikkje heilt klarlagde enno.

Det første Matstreif vart arrangert i Oslo i 2005, og har hatt over hundre tusen besøkande kvart år.

Neste artikkel

Lokalmatprodusentane tenkjer nytt og kreativt under pandemien