Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Arbeidstilsynet konkluderer med grove lovbrot hos jordbærbonden

Tilsynsrapporten avdekker massive brot på arbeidsmiljølova hos jordbærbonde Geir Hæhre.

Rapporten viser at arbeidarane har fått mellom 14 og 15 kroner per kilo. Illustrasjonsfoto: Gorm Kallestad / Scanpix
Rapporten viser at arbeidarane har fått mellom 14 og 15 kroner per kilo. Illustrasjonsfoto: Gorm Kallestad / Scanpix

Det skriv FriFagbevegelse.

Jordbærbonden seier han vil protestere på rapporten, og truar med å slutte med jordbærdyrking.

– Eg kjem til å slutte med jordbærdyrking, og heile næringa tel knappane om å slutte. Det er mange jordbærdyrkarar som ikkje har bestilt nye planter, eller prøvar å avbestille dei, seier han.

Gracja Skallerud vart tidlegare i år engasjert som advokat for fem av dei tilsette som slutta på garden.

– Jordbærplukkarane, inkludert mindreårige, jobbar inntil 14 timar per dag. Det har ikkje blitt ført timelister og lønna er basert på akkord, utan at dei tilsette sjølv får sjå kor mykje dei har plukka, seier Skallerud.

Arbeidde kvar dag i ein månad

Ifølgje rapporten har fleire arbeidarar jobba kvar dag i ein månad. I arbeidsmiljølova står det at arbeidstakarar skal ha minst 35 timar fri frå arbeid på sju dagar.

I tillegg er det konkludert med at buforholda var for dårlege. Det var for mange innkvartert på kvart rom og det var ikkje nok dusjar og toalett der.

Annonse

Hæhre meiner buforholda var gode nok, og meiner framleis at hovudproblemet var at ungdommen ikkje ville jobbe.

– Hovudproblemet i sommar var at det var ein del ungdommar som kom og ikkje ville jobbe. Det var stor konflikt mellom dei som har vore her i 16–17 år og ungdommane som kom, seier han til bladet.

Ikkje ført vakter

Rapporten viser at det totalt er 265 vakter det ikkje er ført timar for. Dei som har gjort reinhaldet har gjort dette utanom jordbærplukkinga. Reinhaldet har starta klokka 05 om morgonen og etter klokka 21 på kvelden. Før 06 og etter 21 blir det rekna som nattarbeid, og det er ikkje lov å arbeide mellom desse tidspunkta utan dispensasjon.

Det er ført opp på timelistene at enkelte arbeidarar har hatt fri, men dei har likevel fått registrert at dei har plukka bær.

– Riktig å varsle

Lars Mamen i FairPlay Bygg Oslo var ein av fleire som varsla om forholda.

– Denne rapporten viser at vi trefte då vi varsla, og det er bra at etatane tok varselet vårt på alvor, seier han.

Han meiner a-krim-sakene og sakene om sosial dumping som er avdekt i år, viser at sesongarbeidarar er spesielt sårbare arbeidstakarar. Ein felles rapport frå fleire aktørar konkluderte med det same.

Neste artikkel

Zoran (68) går til rettssak for å få lønn etter arbeid på norsk gård