Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Algebøndene frå Stryn vann Landbrukets innovasjonspris 2020

Det blei klart mot slutten av konferansen Mat og Landbruk tysdag.

Brørne Alf Erik Gjørven og Rolf Olav Gjørven saman med Dag Hjelle er vinnarane av Landbrukets innovasjonspris, som er på 100.000 kroner. Foto: John Trygve Tollefsen / Norsk landbrukssamvirke.
Brørne Alf Erik Gjørven og Rolf Olav Gjørven saman med Dag Hjelle er vinnarane av Landbrukets innovasjonspris, som er på 100.000 kroner. Foto: John Trygve Tollefsen / Norsk landbrukssamvirke.

Prisen gjekk til Folvengaard AS, som ligg i Stryn. Gründerane Rolf Olav Gjørven og Dag Hjelle har som dei fyrste i verda starta algeproduksjon på eige gardsbruk, skriv Norsk landbrukssamvirke i ei pressemelding.

– Innovasjonsprisen er ei stor kjelde til inspirasjons for arbeidet med å realisere prosjektet fullt ut, seier vinnarane.

Ved hjelp av lokale naturressursar og husdyrgjødsel frå eigen gard produserer Folvengaard mikroalgar som skal bli til mat og fôr. Lokalproduserte proteinkjelder, som mikroalgar, kan bidra til at Noreg lykkast med høgare sjølvforsyning og ein endå meir berekraftig matproduksjon.

Åge Klepp er fagsjef for innovasjon i Norsk landbrukssamvirke, som arrangerer Mat og Landbruk. Han kallar gründerane for pionerar.

– Dei viser definitivt at norske bønder kan tenke nytt og berekraftig, seier Klepp.

Annonse

Satsar vidare

Landbrukets innovasjonspris lyftar fram og heidrar personar eller bedrifter som har evna og våga å satse på innovasjon innanfor bioøkonomien. Juryen har i vurderinga si lagt vekt på kravet til å tenke sirkulærøkonomi som vil utfordre alle bransjar, inkludert jordbruket, heiter det i pressemeldinga.

– Det er flott å sjå at nokon tør å gå framfor. Algebøndene viser at jordbruket også er langt framme når det gjeld nytenking, seier Olaug Bollestad (KrF). Ho delte ut prisen.

Det var stolte og takksame bønder som tok imot prisen.

– Dette er ein pris me deler med alle som har støtta opp om og deltatt i utviklinga av Folvengaard-prosjektet. Særleg betyr det mykje at samarbeid mellom forsking ved NIBIO og praktisk landbruk på Folven blir anerkjent gjennom denne prisen, sa vinnarane etter utdelinga.

Bøndene har ambisiøse planar framover, mellom anna fleire pilotprosjekt.

– I år vil me sette i drift pilotanlegg for mikroalgebasert dyrking av protein og feittsyrer, for så å tilby slike anlegg til gardsbruk, prosessindustri og havbruksbedrifter som vil teste teknologien i sine produksjonsliner, fortel dei glade vinnarane.

Neste artikkel

Rapport: Slik skal EU styrke distriktsjordbruket