Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Aksel Lund Svindal går inn i landbasert oppdrett

Andfjord Salmon byggjer verdas største landbaserte oppdrettsanlegg. Det trekkjer til seg kjende namn.

Aksel Lund Svindal la opp alpinten tidlegare i år. No investerer han i oppdrett. Illustrasjonsfoto: Cornelius Poppe / NTB scanpix

Tidlegare alpinist Aksel Lund Svindal har investert pengar i Andfjord Salmo, eit ungt oppdrettsselskap som skal byggje verdas største landbaserte oppdrettsanlegg på Andøy i Nordland, skriv Dagens Næringsliv.

– Unge folk er opptekne av berekraft, seier dagleg leiar og gründer Roy Bernt Pettersen i Andfjord salmon til VOL.

Annonse

For det er ikkje berre Svindal som investerer. Mellom nye namn finn vi òg Euro-TV, eit selskap drive av Hallvard Flatland. Døtrene Bettina Flatland og Katarina Flatland Dobloug investerer òg. I alt har oppdrettsselskapet no henta inn 150 millionar kroner.

Luse- og rømmingsfritt anlegg

Anlegget på land på Andøy i Norland skal vere både rømmings- og lusefritt. Vatnet i anlegget skal hentast frå 170 meters djupne i Andfjorden. Der overlever ikkje lusa, har dagleg leiar Roy Bernt Pettersen tidlegare uttala til VOL. Anlegget skal heller ikkje utsetje livet i havet for ureining.

Aksel Lund Svindal skal vere god for over 100 millionar kroner, ifølgje Kapital. Han har tidlegare investert i fleire selskap, mellom anna i norske bankar. Svindal har to OL-gull og fem VM-gull, skriv Dagens Næringsliv.

Neste artikkel

Sirkulerer kjøttvarer mellom egne selskaper