Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

80 millionar til forsking på plast

50-øringen som norske forbrukarar betalar for kvar plastpose, bidreg til ny forsking. Noregs forskingsråd og Handelens Miljøfond har inngått ein omfattande avtale for å byggje kunnskap og kompetanse om plast.

Noregs forskingsråd og Handelens Miljøfond har inngått ein omfattande avtale for å byggje kunnskap og kompetanse om plast. Foto: Terje Pedersen / NTB scanpix / NPK
Noregs forskingsråd og Handelens Miljøfond har inngått ein omfattande avtale for å byggje kunnskap og kompetanse om plast. Foto: Terje Pedersen / NTB scanpix / NPK

– Dette er målretta midlar for forsking på det som er eit globalt miljøproblem, seier John-Arne Røttingen, administrerande direktør i Noregs forskingsråd i ei pressemelding.

Rasmus Hansson, dagleg leiar i Handelens Miljøfond, meiner vi har for lite kunnskap om effekten plast har på miljøet. Pengane skal over ein periode på fire år investerast i den beste forskinga på feltet, står det i pressemeldinga.

Annonse

Handelens Miljøfond er handelen si satsing for å løyse plast- og miljøproblemet. Inntektene frå avgifta på plastposar er øyremerka miljøtiltak som skal bidra til å redusere plastforsøpling, auke gjenvinning av plast og redusere bruken av bereposar av plast.

Eitt av prosjekta som har fått pengar til forsking held til på NTNU. Dei skal forske på måtar å redusere plastavfallet frå havbruk på.

(©NPK)

Neste artikkel

Kinesiske "wet markets" har åpnet igjen. Forsker sier det gir økt risiko for nye sykdommer