Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

54 gauper kan fellast under årets jakt

Jaktsesongen på gaupe startar 1. februar, og Klima- og miljødepartementet har fastsett årets jaktkvote til 54 dyr.

På laurdag startar kvotejakta for gaupe. Departementet har bestemt at det i år kan fellast 54 dyr. Illustrasjonsfoto: Heiko Junge / NTB scanpix / NPK
På laurdag startar kvotejakta for gaupe. Departementet har bestemt at det i år kan fellast 54 dyr. Illustrasjonsfoto: Heiko Junge / NTB scanpix / NPK

Det vert opna for jakt i fire av dei åtte rovviltregionane. Gaupebestanden i Noreg ligg i dag under bestandsmålet nasjonalt, men over bestandsmålet i tre regionar.

Tre vedtak om kvotejakt på gaupe i 2020, bestemt av rovviltnemndene, er påklaga og handsama av Klima- og miljødepartementet.

Annonse

– Eg har ikkje gjort endringar i dei kvotane som er sett i Sør- og Vest-Noreg. I Midt-Noreg har eg komme fram til at kvoten skal reduserast, for å auke sannsynet for at bestandsmålet i regionen òg vert nådd til neste år, seier klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn i ei pressemelding.

Ifølgje Rovdata er det frå 2016 til 2019 registrert i gjennomsnitt 56 familiegrupper av gaupe i Noreg. Det svara til omkring 323 dyr i 2019, før jaktsesongen starta. For sjuande år på rad ligg bestanden under det nasjonale bestandsmålet på 65 årlege familiegrupper.

Neste artikkel

Ulvebestanden i Tyskland øker – gjør det lettere for bønder å beskytte saueflokken