Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

50 år sidan det første skrittet vart tatt på månen

Laurdag kveld er det 50 år sidan månelandinga. Bilda av astronautane og landingsfartøyet på overflata av månen er i dag ein del av vårt felles minne.

20. juli 1969 klokka 21.17.40 norsk tid landa fartøyet Eagle på månen. Foto: Neil Armstrong / NASA via AP / NTB scanpix
20. juli 1969 klokka 21.17.40 norsk tid landa fartøyet Eagle på månen. Foto: Neil Armstrong / NASA via AP / NTB scanpix

Fleire millionar menneske følgde Tv-sendingane. På nettstaden til TV-kanalen CBS blir dei historiske sendingane strøyma om igjen på dei same tidspunkta som i 1969.

Apollo 11- ekspedisjonen landa på månen søndag 20. juli 1969, klokka 21.17.42 norsk tid. Astronautane Neil Armstrong, Buzz Aldrin og Michael Collins var om bord i fartøyet. Snautt sju timar seinare vart Neil Armstrong det første mennesket som sette foten på overflata til månen.

– Dette er eit lite skritt for éin mann, men eit kjempesprang for menneskja, sa Armstrong då han tok det historiske steget ned på overflata til månen. Armstrong var leiar om bord i Apollo 11.

20. juli 1969 var Apollo 11 framme ved månen. Armstrong og Aldrin dro ned til overflata med ein eigen landingsmodul, kalt Eagle – Ørna. «Ørna har landa», lød Armstrong sin berømte bodskap tilbake til bakkekontrollen i USA. Foto: NASA via AP / NTB scanpix

21 timar

Eit krater på månen omkring 48 kilometer unna landingsstaden er kalla opp etter Neil Armstrong, men hovudpersonen sjølv var alltid beskjeden når han snakka om hendinga.

– For å vere ærleg hadde eg mine tvil då eg gjekk inn i prosjektet. Det var så mange ukjente faktorar inne i bildet. Ikkje visste vi særleg om korleis vi skulle sende eit fartøy til rommet og få det tilbake igjen, og endå mindre om korleis menneskekroppen ville reagere på å opphalde seg i rommet over tid, sa Armstrong då han besøkte Oslo i 2006.

Dei heldt til drygt 21 og ein halv time på månen, utførte fleire vitskaplege målingar og tok månestøv med tilbake til Jorda.

I løpet av denne tida gjennomførte Aldrin mellom anna den første månenattverda i historia med brød og altervin.

Eit bilete frå TV-sendinga frå månelandinga. Til høgre ser ein astronauten Neil Armstrong. Nermare landingsfartøyet ser ein Edwin E. Aldrin. Astronautene fortel at det å gå på månen var som å gå på mjuk sand. Dei etterlot seg fleire centimeter djupe fotavtrykk overalt dei bevega seg i støvet på månen. Foto: AP / NTB scanpix NTB.

Hendinga vart ikkje kringkasta, og både NASA og Aldrin sjølv heldt tett om det i fleire år etter måneferda. Aldrin har seinare uttrykt tvil om det var riktig av han å ta nattverd på månen, sidan astronautane var komne dit som representantar for alle menneska, og ikkje berre for dei kristne.

1972

Ei rekke ubemanna sovjetiske og amerikanske romsondar har bidratt til utforskinga av månen.

Den første landinga vart gjort av Luna 2 i 1959. Sovjetunionens Luna-program sørgte for mange landingar på månen, det første bildet av «baksida» av månen og retur av prøvar av månestøv til jorda for første gong.

I alt seks bemanna romferder har landa på månen med til saman 12 menn.

Førebels siste menneske på månen var der i 1972.

Neil Armstrong var sjef på romfartøyet Apollo 11. Med på ferda var også Buzz Aldrin og Michael Collins. Frå venstre Neil Armstrong, Michael Collins og Edwin E. "Buzz" Aldrin. Foto: NASA via AP / NTB scanpix

Neste artikkel

Høyre advarer mot forsvarskutt fra opposisjonen