Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

26 kommunar har fått pengar til flaumsikring

Takka vera ei ny ordning har 26 kommunar har fått pengar frå vassdrags- og energidirektorat (NVE) til å kartleggja kritiske punkt i bekker og vassdrag som kan føra til flaum.

Odda er ein av kommunane som har søkt og fått støtte til flaumsikring. Her frå flaumen i 2014 då elva Opo gjekk over breidde sine og det blei store øydeleggingar. Foto: Marit Hommedal / NTB scanpix / NPK
Odda er ein av kommunane som har søkt og fått støtte til flaumsikring. Her frå flaumen i 2014 då elva Opo gjekk over breidde sine og det blei store øydeleggingar. Foto: Marit Hommedal / NTB scanpix / NPK

– Kritiske punkt som kulvertar, stikkrenner, vegetasjon og ein krapp sving i elva forverrar ofte situasjonen, slik at vatnet går ut av elveløp og gjer stor skade, seier seniorrådgjevar i skred- og vassdragsavdelinga i NVE, Olianne Eikenæs til NRK.

Annonse

Med hjelp av tilskotsordninga som blei innført 1. januar i år er målet at kommunane skal få oversikt over dei mest utsette punkta og gjera tiltak for å motverka store skadar ved ekstremvêr og store nedbørsmengder.

Ifylgje NRK kan kvar kommune få tilskot på inntil 200.000 kroner. Dei fleste kommunane som har fått støtte til no ligg i Sogn og Fjordane, Hordaland og Møre og Romsdal.

Neste artikkel

Bartnes om grunnlagstallene: – Reduserer ikke alvoret