Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

250 millionar kroner i klimagasskutt i 154 kommunar

Den fire år gamle Klimasats-ordninga har sett fart på klimaarbeidet til kommunane.

Ellen Hambro, direktør i Miljødirektoratet, seier dei får fleire og betre søknadar frå norske kommunar som ønsker å kutte klimagassutslepp. Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB scanpix / NPK
Ellen Hambro, direktør i Miljødirektoratet, seier dei får fleire og betre søknadar frå norske kommunar som ønsker å kutte klimagassutslepp. Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB scanpix / NPK

350 prosjekt frå 150 norske kommunar får 250 millionar kroner i Klimasats-støtte frå Miljødirektoratet.

Framleis er det nokre få søknadar som krev ytterlegare vurderingar før dei kan bli ferdigbehandla til hausten, skriv Miljødirektoratet i ei pressemelding.

Annonse

– Vi får stadig fleire og betre søknader for å kutte utslepp av klimagassar, og kommunane er meir ambisiøse. Vi er fornøgde med at det lokale klimaarbeidet føregår over heile landet, seier Ellen Hambro, direktør for Miljødirektoratet.

Kva prosjekt og kommune som har fått støtte kan ein finne på Miljødirektoratet si nettside.

(©NPK)

Neste artikkel

For å overleve i det tøffe klimaet på Svalbard utvikler planter egne triks