Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

25 sauer måtte reddast i land då vatnet steig

– Fleire av sauene stod med vatn til knea, seier redningsmann Odd Terje Heimen.

Sauene hadde vandra ut på eit skjer frå Hjertøya utanfor Molde. Så kom floa og fjerna vegen tilbake. Foto: Odd Terje Heimen
Sauene hadde vandra ut på eit skjer frå Hjertøya utanfor Molde. Så kom floa og fjerna vegen tilbake. Foto: Odd Terje Heimen

Villsauene på Hjertøya utanfor Molde blei overraska over den høge vasstanden. Då vatnet steig stod dei att på eit lite skjer og trong hjelp til å kome seg til land, skriv NRK.

Det har vore meldt om høg vasstand rundt store delar av kysten dei neste dagane. På Hjertøya fekk altså villsauene kjenne på den på kroppen.

Takka vere ein lokal redningsmann ved namn Odd Terje Heimen er heile flokken no tilbake på Hjertøya. Dei blei redda trygt i land i båtar. Heile seks stykke heiv seg rundt og blei med på å redde dei.

Sauene skal ikkje ha vore vanskelege å be om bord.

Overraska av flod

Heimen la merke til saueflokken som stod fast på eit skjer då han skulle ut i båt og sjå på den store vasstanden.

– Fleire av sauene stod med vatn til knea, seier Heimen.

I redningsaksjonen bruka dei båtar som er bygd for å frakte sau.

Annonse

– Me hadde med oss noko mat til dei, så dyra gjekk om bord i båten sjølv, seier Pål Gaasøy, som var blant dei som hjelpte til.

Skjeret sauene stod på kan ein gå tørrskodd ut på når det er fjøre.

– Dei har blitt overraska av floda, seier Gaasøy.

Det var fleire som drog ut for å berge sauene i båt. Foto: Pål Gaasøy
Det var fleire som drog ut for å berge sauene i båt. Foto: Pål Gaasøy

Letta saueeigar

Saueeigar Kjell Paulsen skulle eigentleg sjå til dyra på måndag, men dårleg vêr gjorde at dei utsette det. Han er glad for at dei blei varsla om at dyra var i fare.

– Me er sjeleglade for at folk seier frå når det skjer noko med dyra, så me kjem oss ut med ein gong og får tatt affære, seier Paulsen.

Det var heile flokken hans som stod flofast.

– Det ville vore forferdeleg viss det skulle skje noko med dyra.

Neste artikkel

Skandale i Roquefort