Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

15.000 forskarar åtvarar mot miljøfarar

15.000 forskarar frå 184 land har signert eit felles brev til menneskja, der dei konstaterer at det meste går feil veg på miljøfronten, enten det er klimaendringar, befolkningsvekst, avskoging, utrydding av artar eller redusert tilgang på reint vatn.

Vel 15.000 forskarar frå heile verda åtvarar mot den passive handteringa av miljøutfordringane på kloden. Det meste har vorte mykje verre dei siste 25 åra. Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB scanpix / NPK

Brevet følgjer opp eit liknande brev som 1.700 forskarar stilte seg bak i 1992, "World Scientists’ Warning to Humanity". Det nye brevet summerer opp statusen etter dei 25 åra som har gått, og den er ikkje oppløftande.

– Bortsett frå stabiliseringa av ozonlaget har ikkje menneskja klart å gjere nok for å løyse desse spådde miljøutfordringane. Urovekkjande nok har dei fleste av dei vorte mykje verre, skriv forskarane i brevet, som er publisert i tidsskriftet BioScience.

• Les òg: Rapport: Ekstremvær har tatt over en halv million liv siden 1997

I 1992 frykta naturforskarane at vi var nær grensa for kva livet på jorda kan tole og bad verda om å sørgje for å stabilisere befolkningstala, redusere utsleppa av klimagassar, avvikle bruken av fossilt drivstoff og stoppe avskoginga og utryddinga av artar.

Annonse

• Les òg: Treårsplan for jordbruk på plass under klimatoppmøtet i Bonn

No er tida er i ferd med å renne ut, meiner forskarane og oppmodar folk, media og forskarar til å auke presset på styresmakter og politikarar.

– Ein organisert grasrotopinion kan nedkjempe seigliva motstand og tvinge politikarane til å gjere det rette, skriv forskarane.

Neste artikkel

Her er FNs klimakosthold-alternativer