– Melding til Mattilsynet er den vanlege rutinen for oss. Det er dei som sit på kompetansen til å sjekke opp i slike saker. I dette tilfellet er det eit direkte lovbrot. Alvorlegheitsgraden her gjorde at me valte å melde det til politiet i samråd med produsenten sjølv, seier styreleiar i Nortura Trine Vaag til Nationen.

– Hendinga vedkomande er involvert i er totalt uakseptabel og skal ha skjedd for to år sidan, skriv Nortura til sine medlemmer onsdag føremiddag.

Eit par timar seinare sende dei også ut ei pressemelding. Der kjem det fram at det gjeld eit tilfelle der ein gris blir kastrert utan bruk av bedøving.

Ifølgje Nortura er dette fyrste gongen at dei politmelder eigen produsent. Kjøt- og eggsamvirket er eigd av 18.900 norske bønder. Bonden har sjølv valt å melde seg til politiet og Mattilsynet i dialog med Nortura. Dei skriv i pressemeldinga at dei har tett kontakt med bonden, og at dei forsikrar seg om at dyra har det bra.

– Bonden får ikkje levere slaktegris til korkje Nortura eller Gilde medan saka er under politietterforsking.

I kveld klokka 21.30 viser NRK Brennpunkt dokumentaren «Griseindustriens hemmeligheter». Filmen er produsert av Piraya Film, som også stod bak den omstridde filmen «Pels» i 2014.

Filmen er sett saman av ei rekke opptak frå norske grisehus, og mykje er teke opp med skjult kamera.

Fleire episodar viser grove brot på dyrevelferdslova. I dette tilfellet var den aktuelle episoden så alvorleg at dei valte å melde til politiet i tillegg til Mattilsynet, som er vanleg praksis for Nortura.

Styreleiaren i Nortura vil ikkje seie meir om saka, av omsyn til den melde produsentens anonymitet.

– Me er veldig opptekne av dyras ve og vel, men me er også opptekne av bøndene sitt ve og vel, seier Vaag.

Nortura er invitert av NRK til å delta i debatt rett etter filmen, og etter planen skal styreleiar Vaag møte på deira vegner.