Dei får prisen for konsekvent og stilsikker bruk av dialektfarga nynorsk i mange former for songlyrikk, frå klassikarar til nyskrivne verk som raskt har kome på folkemunne, heiter det i grunngjevinga frå styret i Nynorsk kultursentrum som deler ut prisen.

– Denne prisen framhevar den språkpolitiske verdien av at nynorsk blir brukt i så mykje songlyrikk. Det har hatt mykje å seie for utbreiinga av nynorsk og respekten for nynorsk. Brørne Nordstoga brukar populære lyrikkformer til å halde oppe og fornye denne litterære tradisjonen, seier direktør i Nynorsk kultursentrum Ottar Grepstad.

Les også: Listhaug besøkte Nordstoga

Prisen blir delt ut under opningskvelden på Dei nynorske festspela 26. juni, og etterpå held Aasmund og Odd Nordstoga ein stor felleskonsert.

Det er 15. gongen Nynorsk kultursentrum kårar Årets nynorskbrukar. Prisen er på 100.000 kroner og blir delt likt mellom prisvinnarane.