Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Oppsving for ny ost frå Elnesvågen

Meieriet til Tine i Elnesvågen i Møre og Romsdal kan gle seg over stor interesse for den nye alpeosten dei lanserte i 2018.

Alpeosten vart med i VM, og tok bronse. Foto: Siru Juell Rasmussen
Alpeosten vart med i VM, og tok bronse. Foto: Siru Juell Rasmussen

Allereie under Oste-VM i Bergen i same året blei den nye osten lagt merke til og heidra med bronse. Sidan har det berre gått oppover med alpeosten som ifylgje NRK skal erstatta Jarlsberg frå Tine i Elnesvågen. Ifylgje kanalen er produksjonen no dobla sidan starten og kan koma opp i 300 tonn på eitt år.

Annonse

I tillegg til at alpeosten er i å finna i butikkhyllene i dei fleste norske daglegvarekjedene, er også amerikanarar i ferd med å få smaken på den nye osten.

(©NPK)

Neste artikkel

Driften av et beredskapslager for korn koster under en ukes subsidiering av elbiler