I ei pressemelding frå Landbruks- og matdepartementet seier Landbruks- og matminister Olaug Bollestad (KrF) at det er positivt at norske forbrukarar ønsker å ete meir reinsdyrkjøt.
– Reinsdyrkjøtet er naturbasert og smakfullt. Samtidig er eit måltid basert på reinsdyrkjøt ei historieforteljing og er uløyseleg forbunde med kvinner og menn i reindrifta, og den samiske kulturen.
Marknadsundersøkingane viser at det er særleg dei med høg matinteresse og er opptekne av dyrevelferd som ønsker meir reinsdyrkjøt. Denne gruppa er også kjenneteikna ved at dei ønsker norsk- og lokalprodusert mat.