Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Mattilsynet på inspeksjon vil ikkje svare på koronaspørsmål

Mattilsynet nektar å svare på oppdrettsselskapet Lerøy sitt spørjeskjema om koronasmitte når dei kjem på besøk. Lerøy meiner det er utfordrande.

Ingunn Midttun Godal, administrerande direktør i Mattilsynet
Ingunn Midttun Godal, administrerande direktør i Mattilsynet

– Som arbeidsgivar er det vanskeleg å krevje at tilsette gir frå seg informasjon der lovheimelen kan trekkast i tvil, uansett kor godt formål det er snakk om, seier administrerande direktør i Mattilsynet, Ingunn Midtun Goddal til Bergens Tidende.

Lerøy har laga eit skjema som besøkande på deira anlegg må svare på. Spørsmåla går på om personen opplever symptom på korona, om personen har vore i kontakt med nokon som er smitta eller har symptom og om personen er i karantene.

Annonse

Bransjeorganisasjonen Sjømat Norge reagerer også på at Mattilsynet ikkje vil svare på skjema. Denne veka blir det møte for å diskutere saka. Frå næringa møter Sjømat Norge og NHO Mat og drikke. Frå myndigheitene stiller leiinga i Mattilsynet, i tillegg til statssekretærar frå Landbruks- og matdepartementet, Nærings- og fiskeridepartementet og Helse- og omsorgsdepartementet.

– Vi synest det er på sin plass å få diskutert denne saka med politisk leiing. Vår konklusjon er at Mattilsynet sin endra praksis ikkje varetek smittevernomsynet, seier administrerande direktør i Sjømat Norge, Geir Ove Ystmark.

Neste artikkel

Skolekutt – en varslet katastrofe