Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Widerøe varslar nye rutekutt i 2019

Widerøe-sjef Stein Nilsen seier 18 av dei 23 kommersielle kortbanerutene til selskapet går med tap og varslar rutekutt frå januar, ifølgje E24.

Fleire av Widerøes kortbaneruter går med tap. Widerøe-sjef Stein Nilsen varslar rutekutt. Foto: Gorm Kallestad / NTB scanpix / NPK
Fleire av Widerøes kortbaneruter går med tap. Widerøe-sjef Stein Nilsen varslar rutekutt. Foto: Gorm Kallestad / NTB scanpix / NPK

– 18 av 23 kommersielle kortbanerutene vi driv i dag er ikkje lønnsame, sa Widerøe-sjefen under eit debattarrangement om norsk luftfart i regi av Polyteknisk foreining i Oslo sentrum måndag kveld.

Nilsen hadde ifølgje E24 håpa på kutt i flypassasjeravgifta i statsbudsjettet for 2019.

– Det skjedde ikkje, så no er det slutt og vi skrid til verket, sa han.

Annonse

I forslaget til statsbudsjettet vart det berre foreslått ei lita justering i flypassasjeravgifta frå 83 til 75 kroner for Europa- og innanriksruter.

Widerøe-sjefen vil ikkje seie om kuttet betyr redusert frekvens på ruter, eller om selskapet vil kutte ruter heilt.

– Det har eg ingen kommentar til no, men det er noko vi skal jobbe med og forhåpentlegvis avklare innan utgangen av november. Endringane vil tre i kraft frå og med januar 2019, seier Nilsen til E24.

(©NPK)

Neste artikkel

Forskere mener at å stanse kalking kan føre til en forsuring av bekker i populært skogsområde