Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Wenche Fresvik ny styreleiar for Merkur-programmet

Wenche Fresvik, avdelingsleiar for verkemiddel og entreprenørskap i Agder fylkeskommune, blir ny styreleiar for Merkur-programmet som blant anna bidreg til daglegvarebutikkar i små lokalsamfunn.

Merkur-programmet tilbyr kompetanseutvikling og økonomiske støtteordningar for å sikre vidare drift i små daglegvarebutikkar og distriktsbokhandlar. Foto: Mariann Tvete
Merkur-programmet tilbyr kompetanseutvikling og økonomiske støtteordningar for å sikre vidare drift i små daglegvarebutikkar og distriktsbokhandlar. Foto: Mariann Tvete

– Med Fresvik får vi ein veldig kompetent og godt eigna styreleiar for Merkur. Merkur-butikkane er viktige for dei lokalsamfunna dei er i, og er glad for at vi no har fått på plass eit godt styre, seier kommunal- og moderniseringsminister, Monica Mæland, i ei pressemelding.

Annonse

Merkur-programmet tilbyr kompetanseutvikling og økonomiske støtteordningar for å sikre vidare drift i små daglegvarebutikkar og distriktsbokhandlar. Programmet arbeider også for å leggje fleire tenester til butikkane, som post, kafe, turistservice.

Neste artikkel

Reknar med at Felleskjøpet har fôrberedskap også for dei økologiske bøndene