Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Vindpark med 235 turbinar hamnar utanfor nasjonal vindplan

Den planlagde vindparken «Hordavind» i Nordhordland og Modalen skulle bli ein av dei største vindturbinparkane i Europa. No har prosjektet hamna utanfor vindplanen til styresmaktene.

Nokre av vindturbinane i Midtfjellet vindpark i Fitjar kommune i Hordaland. Foto: Jan Kåre Ness / NTB scanpix / NPK
Nokre av vindturbinane i Midtfjellet vindpark i Fitjar kommune i Hordaland. Foto: Jan Kåre Ness / NTB scanpix / NPK

Selskapet Norsk Vind Energi var klar for å investera 12 til 14 milliardar kroner i 235 vindturbinar. Men Hordavind-prosjektet har hamna utanfor dei områda som NVE reknar som best eigna for vindkraftutbygging på land.

Vindparken ved Stølsheimen i Hordaland er planlagd å ha om lag to hundre turbinar som er mellom 200 og 250 meter høge. Dei skulle sikra ein årleg produksjon på 5,4 terawattimar. Det svarar til fire prosent av den samla norske elektrisitetsproduksjonen. No kan alt ryka, skriv Dagens Næringsliv.

– Me registrerer at området som ligg nærast Stølsheimen ikkje er inkludert i forslaget til nasjonal ramme. Me vil vurdera korleis me tar dette vidare i tida som kjem, skriv dagleg leiar Per Ove Skorpen i ein tekstmelding til avisa.

Annonse

Denne veka la NVE fram nasjonal ramme for vindkraftutbygging på land. Den peikar ut 13 område der vassdrags- og energidirektoratet meiner vind kan utnyttast til kraftproduksjon.

Olje- og energiminister Kjell-Børge Freiberg (Frp) ville måndag ikkje seia om dei vil opna for andre område.

– Eg registrerer at det er 13 område og at dei ligg i heile landet, og så registrerer eg at det er veldig mange område som ikkje er peika ut. No skal me bruka kunnskapen som ligg i den jobben som er gjort, og ta han med oss for å køyra gode prosessar, sa Freiberg til Nynorsk pressekontor.

Neste artikkel

Nytt datasenter i Danmark blir et av de grønneste i verden