Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Vindkraftkommunar etterlyser vindskatt

Skatteinntekter frå vindkraft vil gjera fleire kommunar positive til utbygging av vindkraft, meiner organisasjonen Norges vindkraftkommuner.

Vindparken på Smøla i Møre og Romsdal blei opna i 2002. Foto: Bjørn Sigurdsøn / NTB scanpix / NPK

I den nasjonale ramma for vindkraft peikar Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) ut 13 område som er eigna for utbygging. I desse sonene kan om lag ein tredel av området få vindturbinar.

– For at ein skal vera positive til utbygging, må me få inn inntekter, seier leiar Wenche Tislevoll i LNVK, medlemsorganisasjonen for vindkraftkommunar i Noreg.

Ho peikar på at skattlegging av vindkraft er eit viktig verkemiddel for å gjera kommunar positive til vindkraft.

Eit utval jobbar for tida med å sjå på om ein skal endra naturressursskatten. Utvalet skal også sjå på om skilnad i skattlegginga i vasskraftnæringa og andre næringar skaper uheldige vridingar.

– Det er viktig at det blir likestilt med skatteinntektene kommunar med vasskraft får, seier Tislevoll.

Nok vindkraft

Ho er ordførar i Fitjar kommune i Hordaland, ein kommune som har bygt ut 1 terravatt (TW) vindkraft. Sjølv om Tislevoll er glad for utbygginga som har skjedd, meiner ho grensa er nådd.

– Det har redda økonomien i kommunen vår, men nok er nok, seier Høgre-ordføraren.

Annonse

Olje- og energiminister Kjell-Børge Freiberg (Frp) understrekar at departementet skal lytta til kommunane i arbeidet med å vedta den nasjonale ramma for vindkraft på land.

– Eg oppmodar kommunane til å delta aktivt i dei møta me skal halda og i høyringsinnspela. Kommunane representerer lokaldemokratiet og det er sjølvsagt ikkje uvesentleg kva dei meiner, seier Freiberg.

Mindre tilfeldig tildeling av konsesjonar

Miljøminister Ola Elvestuen håpar den nasjonale ramma vil føra til konflikt færre stader og at kommunane aktivt vil bruka ramma. Til no har tildelinga vore for tilfeldig, meiner ministeren.

– Ramma er eit signal om kvar det er fornuftig å leita etter område å bygga ut vindkraft i, sa Elvestuen då NVE hadde presentert vindkraftplanen.

Tislevoll i Norges vindkraftkommuner meiner det kan komma innspel til område som ligg utanfor dei 13 områda. Ho understrekar at noko av det viktigaste er at NVE framleis er grundige og strenge i konsesjonsbehandlinga.

Olje- og energiministeren vil ikkje seia om dei vil opna for andre område.

– Eg registrerer at det er 13 område og eg registrerer at dei ligg i heile landet, og så registrerer eg at det er veldig mange område som ikkje er peika ut. No skal me bruka kunnskapen som ligg i den jobben som er gjort, og ta den med oss for å køyra gode prosessar, seier Freiberg.

(©NPK)

Neste artikkel

Arrangørene av Femundløpet frykter vindkraftplaner