Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Vil lage norsk «kjøt» utan kjøt

Prosjektet «Norsk vegetar for framtida» har fått 8 millionar kroner til å utvikle eit heilnorsk vegetarprodukt som kan erstatte kjøt.

«Norsk vegetar for framtida» har fått forskingsmidlar til å lage eit heilnorsk produkt som både kan sjå ut som, smake og ha same næringsinnhald som kjøt. Foto: Kari Hamre / NPK
«Norsk vegetar for framtida» har fått forskingsmidlar til å lage eit heilnorsk produkt som både kan sjå ut som, smake og ha same næringsinnhald som kjøt. Foto: Kari Hamre / NPK

Pengane kjem frå Forskingsmidlane til jordbruk og matindustri, og skal bli brukte til å finne fram til ei samansetting av norske råvarer som kan vere ei kjøterstatning, skriv NRK.

Utfordringa er at grønsakene med høgt proteininnhald, som i dag erstattar kjøt, ikkje veks i Noreg. Kjøterstatningsprodukta ein finn i kjøle- og frysedisken i Noreg i dag inneheld dei importerte vekstane soya, kikerter, linser eller bønner.

Annonse

– Ein vanleg storfehamburgar har mellom 15 og 17 prosent protein. Vårt mål er å nå 15 prosent protein med vegetariske ingrediensar, seier Grethe Iren Borge, seniorforskar hos Nofima, til NRK.

«Norsk vegetar for framtida» planlegg å dyrke erter og åkerbønner, grønsaker som i dag blir kasta, og restar frå møller, der korn blir til mjøl. Saman håper dei å få til eit heilnorsk produkt som både kan sjå ut som, smake og ha same næringsinnhald som kjøt.

Bak prosjektet står Alimenta, Alna, AM Nutrition, Fjordkjøkken, Fjordland, Godtlevertgruppen, Igelösa Life Science, Jone Wiig Gartneri, Jærder Ådne Espeland, Miljøgartneriet, Nofima, Nordic Choice Hopitality Group, Norrek Dypfryst, Skjellfoss korn, Stangeland Mølle Handel. Selskapa går saman inn med 8 millionar, sånn at prosjektet til saman har 16 millionar kroner.

Neste artikkel

– Et godt, sunt og vegetarisk måltid legger grunnlaget for god læring