Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Vi et meir ost og produksjonen går opp

Ved Tine sitt meieri på Byrkjelo i Gloppen i Nordfjord må dei ta inn ekstra vikarar og gå nattskift for å produsere nok ost. I april blei det laga 40 prosent meir kvitost ved meieriet enn dei hadde rekna med.

Folk et meir norsk ost under koronakrisa. Foto: Cornelius Poppe / NTB scanpix / NPK
Folk et meir norsk ost under koronakrisa. Foto: Cornelius Poppe / NTB scanpix / NPK

– Som konsern kjem nok Tine ikkje til å greie å ta inn att alt det vi taper, men for oss her på Byrkjelo er det positivt, seier meierisjef Thorkild Heieren til Firda Tidend.

Han fortel at dei aldri har produsert så mykje brun- og kvitost som no. Det er det fleire årsaker til.

Annonse

– Stengde grenser betyr mindre import av utanlandsk ost. I tillegg er det slutt på svenskehandelen. Dermed har forbruket av norsk ost auka. Folk er meir heime og et meir heime. På jobben er kantinene stengde, og folk smør sine eigne nistepakkar, fortel Heieren. Sjølv om Tine har mista leveransar til hotell og bedriftskantiner, har det likevel vore ein stor auke i ostesalet.

I april produserte meieriet på Byrkjelo 30 prosent meir enn dei hadde budsjettert med, og for kvitost om lag 40 prosent meir. Det har medført behov for vikarar og for å køyre nattskift for å handtere marknaden.

(©NPK)

Neste artikkel

Tåkelegging fra professorer betalt av Q-Meieriene