Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Vest-Noreg med høgast verdiskaping i sjømatnæringa

Verdiskapinga i sjømatnæringa er meir enn seksdobla dei siste 15 åra. Best ut kjem Møre og Romsdal og Vestland, men næringa er viktig for alle regionane langs kysten.

Bergen er den viktigaste sjømatkommunen målt i omsetning, medan Frøya er viktigast målt i verdiskaping. Foto: Terje Bendiksby / NTB scanpix / NPK
Bergen er den viktigaste sjømatkommunen målt i omsetning, medan Frøya er viktigast målt i verdiskaping. Foto: Terje Bendiksby / NTB scanpix / NPK

Det kjem fram i rapporten Nasjonale ringverknader av sjømatnæringa i 2019, som forskingsinstitutta Norce og Nofima og analysebyrået Menon Economics har laga for Fiskeri- og havbruksnæringens forskningsfinansiering.

Meir laks og gode prisar

Totale sysselsettingseffektar av sjømatnæringa var i 2019 på i overkant av 90.000, medan den totale verdiskapinga var på 127 milliardar kroner. Veksten har kome av auka lakseproduksjon, høgare priser og ei svekt norsk krone.

– Knapt nokon næringar har vakse meir enn sjømatnæringa dei siste åra, og veksten er viktig for norsk verdiskaping og velferd. Næringa har nesten dobbelt så høg verdiskaping per sysselsett som gjennomsnittet av norske fastlandsnæringar, seier prosjektleiar Roy Robertsen i Nofima, i ei pressemelding.

Verdiskaping i vest

Sjømatnæringa er viktig for alle regionane langs kysten. I direkte verdiskaping er det Møre og Romsdal som ligg høgast med 15 milliardar kroner i fjor. På andreplass kjem Vestland med ei verdiskaping på 13,5 milliardar.

Det er derimot i Nord-Noreg sjømatnæringa har sterkast relativ betydning. I Troms og Finnmark står sjømatnæringa for nær 12 prosent av alle jobbar i privat næringsliv. Nordland følgjer etter med 11,5 prosent og Møre og Romsdal med rett i overkant av 11 prosent.

Annonse
Prosjektleiar Roy Robertsen i Nofima. Foto: Nofima
Prosjektleiar Roy Robertsen i Nofima. Foto: Nofima

Viktige sjømatkommunar

Bergen er den viktigaste sjømatkommunen målt i omsetning, medan Frøya er viktigast målt i verdiskaping, tett følgd av Ålesund. Sistnemnde er også den kommunen med flest tilsette innan sjømatnæringa.

80.000 årsverk

Gjennom kjøp av varer og tenester legg sjømatnæringa grunnlag for stor verdiskaping og sysselsetjing. Menon Economics har berekna at totale sysselsettingseffektar av sjømatnæringa inkludert ringverknader var på 92.000 sysselsette i 2019. Rekna om i fulltidsårsverk utgjer dette nesten 80.000 årsverk.

– Over halvparten av sysselsetjinga i kommunane Frøya, Træna, Værøy, Båtsfjord, Værøy, Lebesby og Øksnes kan ifølgje Menons berekningar knytast til sjømatnæringa og ringverknader. Det viser kor viktig næringa er for aktivitet og busetjing langs kysten, seier Robertsen.

Auka formidabelt på 15 år

Sidan 2004 har veksten vore betydeleg. Den gongen omsette sjømatnæringa for 50 milliardar medan verdiskapinga var på mindre enn 10 milliardar. I fjor var tala auka til høvesvis 320 milliardar og 76 milliardar.

Neste artikkel

Pelsdyr: Ventar større erstatning til bøndene