Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Verdsarvområde på Vestlandet og i Alaska skal samarbeida

Verdsarvrådet for Vestnorsk fjordlandskap har signert ein samarbeidsavtale med verdsarvområdet Glacier Bay i Alaska.

Samarbeidsavtalen mellom verdsarvområda Clacier Bay i Alaska og Vestnorsk fjordlanskap blei nyleg signert framfor Lumplughbreen i Alaska. Bak frå venstre: Ingrid Dixon, Glacier Bay National Park Service (GLNPS), Scott Gende, GLNPS, Katrin Blomvik, Vestnorsk fjordlandskap (VNF), Erling Oppheim,VNF og Leif Inge Underdal, VNF. Framme frå venstre ved bordet: Superintendent Philip Hooge, GLNPS, og Arne Sandnes, leiar av Verdsarvrådet.Foto: Danuiel Correia / Unesco

– Det er verkeleg ei stor, historisk hending at desse unike verdsarvområda no formelt styrkjer samarbeidet med føremål om å ta vare på og utvikla dei framifrå fjordlandskapa på kloden, seier leiar Arne Sandnes for Verdsarvrådet for Vestnorsk fjordlandskap i ei pressemelding.

Samarbeidsavtalen mellom dei to verdsarvområda er eit resultat av ein prosess som har gått over mange år. Den første kontakten kom i stand i 2010 etter eit oppmoding frå verdsarvsenteret til Unesco i Paris.

Annonse

Sidan har representantar frå Clacier Bay vore på vitjing til det norske verdsarvområdet rundt Geirangerfjorden og Nærøyfjorden, og ein norsk delegasjon frå Vestnorsk fjordlandskap har vore på gjenvisitt til verdsarvområdet Clacier Bay i Alaska.

For den norske delegasjonen var besøket sterkt motiverande for arbeidet til Verdsarvrådet mot norske styresmakter og Sjøfartsdirektoratet for ei betre forvalting av verdsarvfjordane, heiter det.

I tillegg til eit mål om å styra cruisetrafikken i ei meir miljø- og berekraftig retning, er det eit mål for samarbeidsavtalen å styrkja forvaltninga av verdsarvfjordane gjennom utveksling av kunnskap og røynsler knytt til mellom anna formidling, involvering av barn og unge og lokal samfunnsutvikling.

Vestnorsk fjordlandskap blei innskrive på verdsarvlista til Unesco for kultur- og naturstader i 2005. Verdsarvområdet omfattar områda i og rundt Nærøyfjorden og Geirangerfjorden.

Neste artikkel

Smarte løsninger gir bedre klima