Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Vegvesenet vil ha prøveordning med tyngre tømmervogntog

Statens vegvesen førebur ei prøveordning for tømmervogntog med opptil 74 tonn i totalvekt.

Statens vegvesen førebur ei prøveordning for tømmervogntog med opptil 74 tonn i totalvekt. Foto: Siri Juell Rasmussen
Statens vegvesen førebur ei prøveordning for tømmervogntog med opptil 74 tonn i totalvekt. Foto: Siri Juell Rasmussen

– Prøveordninga skal gjennomførast i åtte kommunar sør i Hedmark. Totalvekt på 74 tonn inneber køyretøy med ni akslar, fire på trekkvogna og fem på tilhengaren, fortel sjefingeniør Bernt Iversen i Statens vegvesen i ei pressemelding.

Maksvekta for tømmervogntog i Noreg i dag er 60 tonn. Oppstart ligg an til å skje i slutten av 2020.

Annonse

Bakgrunnen for prøveordninga er at skilnaden mellom Noreg og nabolanda ikkje skal bli for stor, noko både næringa og Stortinget har vore opptekne av.

Neste artikkel

Skogbruket berømmer regjeringa for tiltakspakke