Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Vedum kraftig ut mot kornlagerutspelet til Listhaug

Tidlegare landbruksminister Trygve Slagsvold Vedum (Sp) skuldar Sylvi Listhaug (Frp) for å privatisere ansvaret for kornberedskapen. Sp fremjer forslag om at regjeringa må oppretthalde kornsiloane.

Tidlegare landbruksminister Trygve Slagsvold Vedum (Sp) skuldar Sylvi Listhaug (Frp) for å privatisere ansvaret for kornberedskapen. Foto: Bjarne Bekkeheien Aase
Tidlegare landbruksminister Trygve Slagsvold Vedum (Sp) skuldar Sylvi Listhaug (Frp) for å privatisere ansvaret for kornberedskapen. Foto: Bjarne Bekkeheien Aase

Utspelet frå landbruks- og matminister Sylvi Listhaug (Frp) der ho ber Felleskjøpet kjøpe Stavanger Havnesilo får krass kritikk av tidlegare landbruksminister Trygve Slagsvold Vedum (Sp). Han skuldar Listhaug for å privatisere ansvaret for matforsyning og beredskap.

– Eit privat selskap som Felleskjøpet har ikkje ansvaret for matforsyninga og beredskapen her i landet. Det er staten som har ansvaret for det. Matforsyning og beredskap er ei av dei aller viktigaste oppgåvene til Listhaug som landbruks- og matminister. Det er svært lettvint og kortsiktig av henne å kome med slike skuledebattutspel, seier Vedum, som kallar utspelet flåsete.

Trekkjer parallell til Forsvar og politi

Vedum er provosert av at Listhaug viser til at engasjementet for beredskapslager for korn er stort blant bønder, og at ho seier bondeeigde Felleskjøpet Agri derfor må stoppe salet eller kjøpe anlegget.

– Det er stort engasjement også i forsvarsforeiningar for forsvarspolitikken, og eg er sikker på at Securitas også har engasjement for beredskap og sikkerhet. Vi lar likevel ikkje private ta over oppgåvene til Forsvaret, og vi lar ikkje Securitas ta over politiet av den grunn, seier Vedum.

Sp-forslag om å behalde kornlager

Annonse

Vedum seier seg bekymra for at landets og skandinavias største kornlager, Stavanger Havnesilo, nå kan bli riven.

Saman med Sp-kollegaene Marit Arnstad, Geir Pollestad, Per Olaf Lundteigen og Heidi Greni, fremja Vedum torsdag føremiddag eit forslag i Stortinget der regjeringa blir bedne om å sørge for at Stavanger Havnesilo blir oppretthalde som kornlager.

– Vi håper det blir fleirtal for forslaget. Beredskap for mat og korn er svært viktig. Vi må planleggje for det utenkelege. Det viser også krisa som rammar Europas kornkammer, seier Vedum og viser til faren for krig mellom Ukraina og Russland, som er to av verdas største korneksportørar.

Neste artikkel

Ap-veteran: – Vedum kan få oss gjenvalgt