– Det er eit openbert kvalitetsproblem, og me er ute etter å få meir kunnskap slik at fiskarane kan innretta seg for å få minst mogleg innslag av slik gelefisk, seier avdelingsleiar Sturla Roald i interesse- og arbeidsgivarorganisasjonen Fiskebåt til Tekfisk.
Dei siste åra har fiskarane fått meir gelefisk i blåkveitefangstane sine. For mykje vatn i blåkveitekjøtet minskar smaken og gjer den umogleg å røykje.
– Me kan kanskje sjå for oss at blåkveita har for dårleg mattilgang i visse område og et for lite mat eller mat som ikkje dannar protein i muskulaturen, seier Roald.
No meiner både fiskarar og forskarar det er på tide å finna ut kvifor blåkveita er vassen. Havforskingsinstituttet peikar på at det er ei todelt problemstilling. Det eine er å kartleggja omfanget og finna ut i kva for område fenomenet skjer oftast. Det andre er å finna årsaka til at det skjer.
Til hausten skal forskarane ut på blåkveitetokt på Eggakanten. Der vil dei registrera om dei får gelefisk.