Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Usemje om gondolplanar i verdsarvbygd

Flåm AS vil byggje gondolbane i verdsarvbygda Flåm i Aurland. Men prosjektplanane møter motstand.

Flåm AS vil byggje gondolbane i verdsarvbygda Flåm i Aurland. Men prosjektplanane møter motstand. Arkivfoto: Vidar Knai / NTB scanpix / NPK
Flåm AS vil byggje gondolbane i verdsarvbygda Flåm i Aurland. Men prosjektplanane møter motstand. Arkivfoto: Vidar Knai / NTB scanpix / NPK

– For oss handlar det om å vidareutvikle Aurland som reisemål og då er det å få på plass ein ny hovudattraksjon viktig. Vi har Flåmsbana og fjorden i dag, som er dei store attraksjonane, seier Arve Tokvam i Flåm AS til NRK.

Annonse

Planane møter motstand, mellom anna er det uro for kva som vil skje med villreinen i området om planen blir realisert.

– Om vi slepp ein masse turistar inn i dette fjellområdet med gondol, så vil det gjere det umogleg å utvikle reinstammen, seier Bjørn Vike, som sjølv jobbar med naturbasert reiseliv, til NRK.

Selskapet trur planane om gondolbane tidlegast kan realiserast i 2023.

Neste artikkel

Trenger gründere som kan erstatte importvarer