Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Truleg heilt slutt for norsk selfangst

2017 blir det første året på mange hundre år utan norsk selfangst. Det kan vere den siste spikaren i kista for heile industrien.

– Det har skjedd drastiske endringar med isen dei siste åra, seier Bjørne Kvernmo. Foto: Colourbox
– Det har skjedd drastiske endringar med isen dei siste åra, seier Bjørne Kvernmo. Foto: Colourbox

– For meg er det opplagt at det er slutt. Eg har vore klar over det lenge at det måtte gå den vegen, seier Bjørne Kvernmo, skipper på selskuta "Havsel", til Dagens Næringsliv.

Selfangaren gjennom meir enn 40 år har manøvrert det som har vore den einaste selfangstskuta i seinare år. No ser Kvernmo ingen som kan ta over når Havsel ikkje tek turen frå Tromsø mot Grønland.

Kvernmo meiner at EU-forbodet i 2009 mot transitt av selprodukt øydela økonomien, før kutt i statsstøtta i 2015 har gjort det umogleg med selfangst. I tillegg har klimaendringar skapt store problem.

Annonse

– Det har skjedd drastiske endringar med isen dei siste åra. I fjor var det jævlig lite is. Vi fann nesten ikkje sel. Det blei bomtur. Ein kjempenedtur, seier Kvernmo om Grønlands-turen i 2016.

Selskuta Havsel skal framover jobbe med oljevernberedskap i Barentshavet.

Neste artikkel

Regjeringen får krass kritikk for kutt i klimapolitikken