Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Svekt krone gir ny rekord for sjømateksporten

Noreg eksporterte 291.000 tonn sjømat for 10,9 milliardar kroner i oktober. Ei svekt norsk krone bidrar sterkt til at det blir sett ny rekord.

Fiskeriminister Harald T. Nesvik trur på store moglegheiter for norsk sjømat i Kina og Sør-Korea. Foto: Berit Roald / NTB scanpix / NPK

Eksportvolumet har auka med 8 prosent frå oktober i fjor. Verdien av eksporten har auka med 9 prosent, eller 854 millionar kroner.

– Det har vore ein betydeleg volumvekst i eksporten av både laks og sild i oktober som har bidratt til verdiveksten. Dette kjem av auka utslakting og auka fangstar. I tillegg er ei svekt norsk krone sterkt medverkande til at sjømateksporten set ny rekord for oktober månad, seier Tom-Jørgen Gangsø, direktør for marknadsinnsikt og marknadstilgang i Noregs sjømatråd.

Hittil i år har Noreg eksportert 2,2 millionar tonn sjømat til ein verdi av 87 milliardar kroner. Eksportvolumet har falle med 4 prosent, og verdien har auka med 8 prosent, eller 6,3 milliardar kroner, samanlikna med same periode i fjor.

– I heile 2019 har den norske krona svekt seg mot dei store valutaene, og dette har vore med på å auke eksportverdien målt i norske kroner, seier Gangsø.

Tidlegare i haust sa fiskeriminister Harald T. Nesvik (Frp) at han trur 2019 kan bli det første året der sjømateksporten passerer 100 milliardar kroner. I fjor enda talet på 99 milliardar.

Auke til Kina

– Det er svært gledeleg å sjå at norsk sjømateksport held fram med å auke. Med vekst i oktober for fleire viktige artar viser tala at mykje blir gjort riktig i næringa, som til dømes det imponerande marknadsarbeidet. Eg besøkte nyleg Sør-Korea og Kina. Begge landa er store og veksande marknader med eit stort sjømatkonsum, seier Nesvik.

Annonse

Sjømateksporten til Kina har auka med 41 prosent i verdi og 15 prosent i volum så langt i år.

Volumet i lakseeksporten har auka med heile 14 prosent samanlikna med oktober i fjor, medan verdien auka med 4 prosent. Noreg eksporterte 117.000 tonn laks for 6,7 milliardar kroner i oktober i år. Polen og Frankrike var dei største marknadene for laks i oktober.

Eksporten av aure har auka med 46 prosent i volum og 30 prosent i verdi i oktober samanlikna med same månad i fjor. Noreg eksporterte 6.700 tonn aure for 375 millionar kroner i oktober. Det var Kviterussland og USA som kjøpte mest aure i oktober.

Auka torskefangst

Noreg eksporterte 2.000 tonn fersk torsk for 107 millionar kroner i oktober. Det er ein auke på 23 prosent i volum og ein verdiauke på 44 prosent frå same månad i fjor. Sverige var den største marknaden for fersk torsk.

– Auka eksportvolum i oktober heng saman med auka fangstar av fersk torsk i år samanlikna med same periode i fjor. Samtidig har eksportprisane auka, noko dei ofte gjer på sommaren og hausten når det er mindre fersk torsk i marknaden, seier sjømatanalytikar Ingrid K. Pettersen i Noregs sjømatråd.

Etter ein litt svakare start på året, målt i volum, har eksporten av klippfisk av torsk tatt seg opp dei siste månadene. Det vart eksportert 12.100 tonn heil klippfisk for 698 millionar kroner i oktober, noko som er ein volumauke på 2 prosent og ein verdiauke på 13 prosent. Portugal og Brasil er dei største marknadene for klippfisk.

Sildeeksporten har auka med heile 91 prosent målt i verdi. Det kjem av ei dobla fangstmengde frå same månad i fjor. Eksporten av kongekrabbe har falle med 10 prosent i volum, medan eksporten av reker har falle med 12 prosent i volum.

Neste artikkel

Norgesmester i rakfisk konkurs etter listeria-problemer