Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Skogplantarar manglar arbeidskraft

Skogplantarar rundt om i landet fortvilar. Korona og innreiseforbod gjer at dei slit med å få tak i treplantarar. I verste fall må millionar av granplanter kastast.

Mange stader er det eit stort behov for folk til å planta skog etter hogst, sidan mange utanlandske arbeidarar ikkje får koma inn i landet på grunn av korona og innreiserestriksjonar. Foto: Vidar Ruud / NTB / NPK

– Mangelen på arbeidskraft er fortvilande, seier Torgrim Østgård i Statsforvaltaren i Vestland til NRK.

Annonse

Fleire aktørar kanalen har vore i kontakt med rundt om i landet stadfestar det same. Hos Skogplanter Østnorge på Biri fryktar dei at over 12 millionar granplanter som ligg på kjølelager, må kasserast dersom skogaktørane ikkje får tak i arbeidskraft som kan planta småtrea ut i vår.

For å få hjelp til å setja plantene i jorda, ber no Statsforvaltaren i Vestland og skogaktørane om at folk som kan tenkja seg ein slik jobb, tek kontakt.

(©NPK)

Neste artikkel

Bjørn angrep reinflokk i Karasjok