Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Skogeigarar slit med seinverknader etter tørr sommar i 2018

Mange skogeigarar slit framleis med konsekvensane etter tørkesommaren i 2018.

Mange skogeigarar opplever tapte inntekter etter tørkesommaren i 2018. Illustrasjonsfoto: Vidar Ruud / NTB / NPK
Mange skogeigarar opplever tapte inntekter etter tørkesommaren i 2018. Illustrasjonsfoto: Vidar Ruud / NTB / NPK

– Sommaren 2018 var så tørr at spesielt grana blei svekt og rotsystemet øydelagt, fortel landbruksdirektør Helge Nymoen hos Statsforvaltaren i Vestfold og Telemark til NRK.

Dette fører ifylgje Nymoen til fleire uheldige konsekvensar både for skogeigarane og for miljøet. For skogeigarane betyr det mellom anna tapte inntekter fordi skogen må hoggast før han er moden og fordi skogen enkelte stader er så tørr at han heller ikkje kan brukast i treforedlingsindustrien.

Annonse

At skogen må hoggast før han er moden er også uheldig for miljøet, fordi store tre bind meir karbon enn ungskog.

I tillegg til at mange skogbrukarar får redusert inntekta si fordi dei får mindre ut av kvart tre, opplever mange at skogen deira har blitt angripen av borkbiller etter tørkesommaren 2018.

I Vestfold og Telemark der tørkesommaren har gjort mest skade, meiner Landbruksdirektøren at fylket vil slita med etterverknader i tre til fem år. I framtida med auka klimaendringar, meiner han det er ekstra viktig å overvaka skogen for å oppdaga liknande situasjonar tidleg. Ifylgje Nymoen har skognæringa allereie teke i bruk dronar og satellittfoto i dette arbeidet.

(©NPK)

Neste artikkel

Finansministeren: – Norsk skogbruk skal være bærekraftig