Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Sju mikrobryggeri nedlagt i år

Den kraftige oppturen for mikrobryggeria kan vere over.

SMÅTT ER STORT: Mikrobryggeria har poppa opp over heile landet dei ti siste åra. I år er det brygga 70 ulike sortar juleøl frå til saman 37 norske bryggeri.  FOTO: Andrea Øien Sæverud / NPK
SMÅTT ER STORT: Mikrobryggeria har poppa opp over heile landet dei ti siste åra. I år er det brygga 70 ulike sortar juleøl frå til saman 37 norske bryggeri. FOTO: Andrea Øien Sæverud / NPK

Salstala for småskalabryggeria fall med rundt åtte prosent frå desember til juni, og sju verksemder er konkurs eller nedlagde i 2018.

Småbryggeria har rett nok henta inn igjen noko av salsnedgangen sidan desember, ifølgje Byggeri- og drikkevareforeningen.

Annonse

– Det er sju nedleggingar så langt i år. Voss fellesbryggeri var det største av dei og gjekk konkurs med ei gjeld på over 40 millionar, seier Petter Nome i Bryggeriforeininga til Dagens Næringsliv.

Randhav i Kristiansand, Valdres gardsbryggeri og Troms-bryggeria Lauvanger mikrobryggeri og Skavli brygghus er òg blant dei som har måtta pakke saman i år.

– Eg trur fleire kjem til å forsvinne. Talet har vore altfor høgt i vesle Noreg. Vi ser at det er auka prispress, og det gjer at småbryggeria med den svakaste utviklinga kan få problem, seier Nome.

Neste artikkel

Noah saksøker staten for skyting av Letjenna-ulvene