Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Sjømatnæringa samd om arealleige

Nettverk for fjord- og kystkommunar (NFKK), Sjømat Norge og Norsk Industri er samde om eit felles forslag om å innføre ei arealleige for oppdrettsnæringa, men ingen av dei ønskjer grunnrenteskatt.

Frøya  20181015.Fleire parti diskuterer om oppdrettsnæringa skal betale meir i skatt fordi dei tener godt på å utnytte fjordar og havområde som gir gunstige forhold for oppdrett av laks og aure. Bildet viser SalMars lakseoppdrettsanlegg i Frohavet på Trøndelagskysten. Foto: Gorm Kallestad / NTB scanpix
Frøya 20181015.Fleire parti diskuterer om oppdrettsnæringa skal betale meir i skatt fordi dei tener godt på å utnytte fjordar og havområde som gir gunstige forhold for oppdrett av laks og aure. Bildet viser SalMars lakseoppdrettsanlegg i Frohavet på Trøndelagskysten. Foto: Gorm Kallestad / NTB scanpix

– At vi no har komme til semje er eit viktig steg for vidareutvikling av berekraftig oppdrettsverksemd. Det vil styrke bandet mellom næringa og vertskapskommunane. For staten vil dette utvilsamt vere til stor nytte som bidrag til å oppfylle nasjonale målsettingar om berekraftig vekst i oppdrettsnæringa og levande lokalsamfunn seier styreleiar i NFKK og ordførar på Hitra, Ole L. Haugen, i ei pressemelding

I november i fjor kom det såkalla Havbruksskatteutvalget med ei innstilling til korleis skattlegginga i havbruksnæringa bør utformast. Utvalet var delt og presenterte eit fleirtalsforslag som støtta grunnrenteskatt og eit mindretalsforslag som ønskte produksjonsavgift. Semja mellom NFKK, Sjømat Norge og Norsk Industri støttar opp om mindretalsforslaget.

Annonse

– Fleirtalet i Havbruksskatteutvalget svarte ikkje på bestillinga frå Stortinget og NFKK oppfordra rikspolitikarane til å sjå til forslaget frå mindretalet i den vidare behandlinga av utgreiinga, seier Haugen.

Dei tre næringslivsaktørane skriv dette i ei prinsipperklæring:

«NFKK, Sjømat Norge og Norsk Industri er enig i at det ikke må innføres noen statlig grunnrentebeskatning for havbruksnæringen.»

Neste artikkel

Konflikter på fiskefeltet er den nye normalen