Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Sjømateksporten kan verte trua av skjerpa krav

Frå 2020 vil USA krevje at land som eksporterer sjømat oppfyller ei rekkje nye krav. Noreg kan slite med å nå dei krava.

Land som ikkje tilfredsstiller krava for berekraftig fiske kan verte nekta tilgjenge til den amerikanske marknaden, seier direktør i Fiskeridirektoratet, Aksel Eikemo til NRK.

Eitt av krava er mellom anna å redusere bifangst av pattedyr. Havforskingsinstituttet reknar at om lag 3.500 niser går tapt i bifangst kvart år, om ikkje fiskarane klarer å redusere fangsten av sjøpattedyr som til dømes niser, kan ein av våre viktigaste eksportmarknadar ryke når USA skjerpar krava, skriv NRK.

Annonse

I 2018 eksporterte Noreg sjømat for over 6 milliardar kroner til USA.

(©NPK)

Neste artikkel

Coop tilbakekaller karbonadedeig etter funn av plastrester