Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Sjømat Noreg beklagar lakserømmingar

Sjømat Noreg beklagar sterkt rømmingane som har skjedd i år. Nær 300.000 oppdrettslaksar har rømt frå norske oppdrettsanlegg, ei dobling frå i fjor.

Illustrasjonsfoto: Colourbox
Illustrasjonsfoto: Colourbox

– Me må finna ut kvifor det skjer, dela erfaringar og samtidig ta rømt fisk ut av elvane seier leiar Tarald Sivertsen i rømmingsutvalet i Sjømat Norge i ei melding.

Annonse

Sidan i sommar har det vore fleire store rømmingar frå oppdrettsanlegg og slakteri langs kysten. Sjømat Norge, landsforeininga for fiskeri- og havbruksnæringa, vil at rømmingar blir granska nøye, skriv Kyst og Fjord.

– Næringa har ein 0-visjon for rømming. Når uhellet likevel er ute jobbar me hardt for å nå målet om at rømt laks ikkje skal påverka villfisk negativt, seier Sivertsen.

Tal frå Fiskeridirektoratet viser at langt fleire oppdrettslaks rømmer no enn tidlegare år. I fjor rømte det 160.000 laks, medan det til no i år har rømt om lag 284.000 laks. I 2017 var talet 17.000.

Neste artikkel

Sjøllaksefisketallene for i år: – Trist utvikling