Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Senterpartiet vil stoppe nye kraftlinjer til utlandet

Sp-leiar Trygve Slagsvold Vedum meiner det europeiske kraftsamarbeidet bidrar til den høge straumprisen, og vil stoppe utbygginga av nye kablar.

Sp-leiar Trygve Slagsvold Vedum vil stoppe den nye kraftkabelen til Storbritannia. Foto: Axel Nilsson Raftsjø / NTB scanpix / NPK

Sp-leiaren fryktar at den norske kraftprisen skal bli lik den europeiske om vi byggjer fleire kablar.

Statnett har fått konsesjon til ein ny kraftkabel til Tyskland og ein til Storbritannia.

Annonse

Seksjonssjef Vegard Willumsen i Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) meiner norske forbrukarar tener på kraftsamarbeidet.

– Om Noreg ikkje var tilknytt andre land, ville kraftprisane vore mykje høgare fordi vi ikkje får utnytta magasina så mykje, seier han til NRK.

Vedum meiner at kablane som allereie er bygd gir oss forsyningssikkerheita vi treng, og ber regjeringa om å stoppe den nye kabelen til Storbritannia.

– Eg håpar regjeringa tenker meir på dei norske forbrukarane enn den europeiske kraftmarknaden, avsluttar han.

Neste artikkel

Randaberg har vernet over 400 mål matjord - Sp feiret