Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Sel Fanaost til femdobbel pris på Finn.no

I fleire veker har det lege eit 5,5 kilos uopna Fanaost til sals på finn.no. Den norske goudaen vann superfinalen i Oste-VM, World Cheese Awards i november.

Ostegården med osten Fanaost ble kåret til verdens beste ost under oste VM i Bergen i november 2018. Jørn Hafslund fortel om ein arbeidssam prosess for å modne osten. Foto: Mariann Tvete

I romjula opplyste seljaren til Nationen at han hadde fått tilbod om å selje den til Spania, men at det ikkje var råd å få til.

Så fortalde han at han hadde blitt kontakta av produsenten, og fått tips om korleis han skulle behandle osten slik at han ikkje vart øydelagt.

Etter det har vi ikkje fått statusoppdateringar om den 5,5 kilo tunge representanten verdsmeisteren, men han ligg framleis ute på den digitale marknadsplassen. Osten er lagt ut til sal til 1200 kroner kiloen, og delt i halvkilos eller heilkilos stykke.

Jørn Hafslund, eigar og dagleg leiar av Ostegården som produserer Fanaost, seier at han var i kontakt med seljaren og fann ut at det ikkje var snakk om lagra Fanaost.

Merkinga på osten viser at han vart produsert 18. mai i år.

Om prisen, 1200 kroner kiloen, seier produsenten følgjande:

Så langt ser det ikkje ut til at nokon har hatt lyst til å kjøpe Fanaosten som er lagt ut for sal på Finn.no
Annonse

– Vanleg pris på ung Fanaost frå oss til butikk er 227,-.

Når osten er lagra, snudd og vaska to gonger i veka i 14 månader er prisen den doble.

– Det er mykje arbeid med lagra ost. Eg har som filosofi at ostar blir etne for unge, det er mykje å vinne på å lagre, men også mykje arbeid, seier ostemakaren.

Lagra Fanaost har omtrent vore utseld sidan VM-sigeren i november. Eit mindre kvantum vil vere klar i mai, men det kjem til å gå til gamle kundar. Neste større ladning ferdig lagra ost kjem ikkje på marknaden før i september.

– Vi kan ikkje trylle og vil ikkje fire på kvaliteten, seier Hafslund.

No på nyåret skal dei ha ein produksjon på om lag 100 ostar per veke.

– Ut på vinteren neste år vil dei vere ferdig lagra, så vi får håpe at folk ikkje har gløymt oss til då, seier Hafslund.

Neste artikkel

Bråk allerede før Solberg-regjeringen er presentert