Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Sein påske og sommarvarme gav overnattingsrekord i april

Dei kommersielle overnattingsstadane sette ein ny april-rekord i talet på overnattingar. Det blei nesten 2,1 millionar overnattingar i denne vårmånaden, opplyser Statistisk sentralbyrå.

I april var det 1,6 millionar overnattingar ved norske hotell. Foto: Jan Haas / NTB scanpix / NP

At påska kom seint i år i tillegg til at det var varmerekordar fleire stadar i landet, kan ha medverka til dei høge tala.

Overnattingsstatistikken viser i april 2019 ein oppgang på 4,3 prosent fleire overnattingar målt mot same månad året før. Det var ein auke på 60.000 norske overnattingar, medan utanlandske overnattingar auka med 26.000. Totalbiletet i den kommersielle overnattingstrafikken viste at det var om lag 100.000 fleire norske overnattingar på campingplassar og hyttegrender, medan norske overnattingar gjekk kraftig ned på hotell.

Annonse

Fleire reiser utanlands

I april var det 1,6 millionar overnattingar ved norske hotell, ein nedgang på 0,8 prosent mot april i fjor. Medan dei utanlandske overnattingane auka, var det ein nedgang på 3,3 prosent for dei norske.

Neste artikkel

Erna får æren for besøksrekord for Preikestolen