Annonse
Annonse
Annonse
Annonse
PØLSEOMRÅDER: I noen områder av Norge spises det betydelig mer pølse enn andre. Butikkjedene sier det «alltid» har vært slik, og at Gildes produkter er ekstra populære i disse områdene.  FOTO: Lise Åserud / NTB scanpix
PØLSEOMRÅDER: I noen områder av Norge spises det betydelig mer pølse enn andre. Butikkjedene sier det «alltid» har vært slik, og at Gildes produkter er ekstra populære i disse områdene. FOTO: Lise Åserud / NTB scanpix

Sei meg kvar du bur - og eg skal seie deg kva du et

Graut, pølse eller kanskje sushi til middag? Friele eller Ali i kaffikoppen? Kvar vi bur i landet, pregar matvala våre.

Noregs drygt 5,3 millionar menneske et slett ikkje det same. I Noreg står dei regionale matvanane sterkt, noko som kjem tydeleg til syne i talet til matvarekjedene.

I Innlandet, til dømes, elskar ein pølser. Trønderar, møringar og nordlendingar er meir selektive: Her har folk ein utprega hang til grillpølser, men er påfallande lite glade i wiener.

Også brunost-, avokado-, potet, -sushi- og rømmegrautforbruket er ulikt fordelt, som vi skal sjå.

Flest butikkar

Kiwi er den daglegvarekjeda i Noreg som har flest butikkar, til saman 681, og er representert i alle fylke. Dei har logga kva som skil seg ut i dei ulike regionane i det langstrekte landet vårt.

Matpakkar

Matpakkane barna får med seg på skulen, er litt ulike frå landsdel til landsdel. Slik ser gjennomsnittsmatpakkane ut:

Trøndermatpakka består av halvgrovt brød med kvitost, salami, og leverpostei, og mjølk ved sida av. Ingen sender med barna meir banan i matpakken enn trønderane.

Den nordnorske matpakka består av grovt brød med kvitost, leverpostei og salami, med vatn som drikke.

I Nord-Noreg er sjokoladepålegg meir populært enn andre stader. 17 prosent av foreldra sa at barna oftast har det i matpakka. I landet er snittet 6 prosent, og høgast etter Nord-Noreg er Vestlandet, med 7 prosent.

Ingen andre stader er eple meir populært i matpakka enn på Vestlandet. 9 av 10 foreldre opplyser at eple er det barnet oftast får med seg i matpakka.

Knekkebrød i matpakka står sterkast på Vestlandet. 27 prosent gir det til barna. På Sør-Austlandet er talet berre 12 prosent. Også leverpostei står sterkast på Vestlandet.

Kilde: Respons Analyse/Kiwi, undersøking frå 2016

Oversikta til butikkjeda viser at til dømes gudbrandsdalsost har det største kundegrunnlaget sitt i Innlandet. Folk her er òg veldig glade i pølser, både grill og wiener, samanlikna med resten av landet. Dei kjøper faktisk langt meir.

Kjøtfylket

– Historisk har vi alltid selt meir pølser i Innlandet. Akkurat kva det kjem av er vanskeleg å seie, men vi ser på salstala at vi sel både meir pølse og meir Gilde-produkt i Innlandet, seier Nora Mile Helgesen, kommunikasjonsrådgivar i Kiwi. Og legg til:

– Innlandet er faktisk òg overproporsjonale på Idun ketsjup.

FORSKJELLER: Nora Mille Helgesen i Kiwi kan fortelle om store regionale forskjeller når det gjelder matvarers popularitet.  FOTO: Kiwi
FORSKJELLER: Nora Mille Helgesen i Kiwi kan fortelle om store regionale forskjeller når det gjelder matvarers popularitet. FOTO: Kiwi

I Innlandet overpresterer ein ikkje berre på Gilde-produkt, ein et òg mykje Finsbråten-pølser og innmatspølse til jul.

– Dessutan er dei glade i spekemat, seier Helgesen.

Harald Kristiansen, kommunikasjonssjef i Coop som har seks butikkjeder med totalt 1120 butikkar, har same erfaring. Dei ser òg at det blir selt mest Gilde-pølser på Austlandet, i indre strøk.

Det blir ikkje kjøpt like mykje pølser av trønderar, møringar og nordlendingar, men i desse områda er grillpølser langt meir føretrekt enn wiener, viser Kiwis tal.

Kjøtvegring

– Det vi kan kalle kjøtvegring er knytt til by og intellektuelle, då særleg Oslo, seier John Spilling, seniorkonsulent i Ipsos.

Ipsos lagar annakvart år Norske Spisefakta, ei omfattande undersøking med 4000 menneske som blir djupneintervjua om mellom anna matvanar.

– 36 prosent av folk i Oslo seier dei er opptatt av å ikkje ete kjøtt fleire dagar i veka, medan det på landsbasis er 24 prosent som seier det same. I verkelegheita var det likevel ikkje stor forskjell. Undersøkinga vår frå 2018 viste at 53 prosent av den norske befolkninga åt kjøtt tre gonger eller meir i veka, medan talet for Oslo er 50 prosent, seier Spilling.

Pizza, taco og sushi

Han fortel at mattrendar gjerne startar i Oslo og spreier seg ut over. Og at matrettar som pizza og taco no er «allemannsmat» som blir ete over alt. Men det er ikkje alltid det går som forventa.

BYMAT: Sushi er en matrett som mange i hovedstaden spiser jevnlig, ellers i landet er det mer sjeldent, ifølge undersøkelsen Norske Spisefakta.  FOTO: Shutterstock/NTB scanpix
BYMAT: Sushi er en matrett som mange i hovedstaden spiser jevnlig, ellers i landet er det mer sjeldent, ifølge undersøkelsen Norske Spisefakta. FOTO: Shutterstock/NTB scanpix

– Sushi trudde vi skulle bli det neste store. I Oslo et halve befolkninga sushi minst ein gong i månaden, men denne trenden har ikkje tatt av på landsbasis. For resten av befolkninga er talet 18 prosent.

Produkt som går motsett veg, frå utkantane mot byane, er det Spilling kallar «lokale norske spesialprodukt», som ost frå Kraftkar og liknande tradisjonsmat som er produsert lokalt.

Annonse

Ivrige på grauten

Folk på Møre, i Hordaland, Trøndelag og Innlandet er mest ivrige når det gjeld rømmegraut, ifølgje Helgesen . Spilling har sett dei same tendensane og meiner graut generelt, og pannekaker, er meir ruralt enn urbant.

KAKE ELLER MIDDAG? Pannekaker passerer ofte som middag, men sjeldnere i Oslo. FOTO: Shutterstock/NTB scanpix
KAKE ELLER MIDDAG? Pannekaker passerer ofte som middag, men sjeldnere i Oslo. FOTO: Shutterstock/NTB scanpix

– Risgraut og pannekaker er stort på landet, der mange et pannekaker til middag, det gjer dei ikkje i Oslo, seier Spilling.

Grønt og økologisk

Når det gjeld avokadoeting, er Oslo på topp, ifølgje Helgesen i Kiwi, følgt av resten av Austlandet og Rogaland. Den næringsrike avokadoen glir fint inn i eit heilvegetarisk kosthald, men det vekker ikkje appetitten hos alle.

FRUKT: På Vestlandet sier ni av ti foreldre at eple er det barnet oftest får med seg i matpakken, det er langt over landsgjennomsnittet.  FOTO: Frank May / NTB scanpix
FRUKT: På Vestlandet sier ni av ti foreldre at eple er det barnet oftest får med seg i matpakken, det er langt over landsgjennomsnittet. FOTO: Frank May / NTB scanpix

– Vegetarprodukt er døme på produkt som har slått an veldig i enkelte område, typisk i byane, men som i andre område ikkje får nokon særleg respons i det heile, kommenterer Helgesen.

Mjøl, mjølk og kjøt på defensiven

Om ein ser historisk på det, har matvanane våre forandra seg betydeleg. Helsedirektoratet har kartlagt utviklinga i norsk kosthald frå midten av 1950-talet og til i dag.

På 1950-talet var forbruket av korn måla som mjøl 97,2, kilo per person på eitt år. I 2018 var det nede i 76,8 kilo.

For potetar er forskjellen enorm, frå 92,5 kilo per år på 1950-talet, til 20,7 kilo i 2018.

Statistikken viser òg at middagstallerkenen i dag har eit anna blandingsforhold enn for vel 70 år sidan. Den gong var eit års forbruk av kjøt på 33,3 kilo per person, i 2018 var det 70 kilo.

Når det gjeld drikke, viser tala at heilmjølk tok betydeleg meir plass i kjøleskap og butikkhyller i midten av førre hundreår. Då vart det drukke 194,5 liter heilmjølk per person årleg, medan mengda var nede i 15,4 liter i 2018. For ordens skyld skal det seiast at snittet for befolkninga når det gjeld lettmjølk, no ligg på vel 15 liter, eit produkt som ikkje fanst den gongen. Det er elles eit ei fallande kurve her òg.

Nesodden er soleklart på topp når det gjeld økologiske varer. Ingen stader i landet blir det selt meir økologisk mat per kunde.

Lokale heltar

Kristiansen i Coop påpeikar at lokaltilhøyrsel til vara ofte er viktig, særleg når det gjeld det ein kan kalle «koseprodukt» som pils og kaffi.

– Vi sel mest Mack-øl i Tromsø, og Ringnes er mest populært i Oslo. I Bergen er det Friele-kaffi og Hansa-øl som gjeld. Vi ser elles at vi køyrer ut mest sukker frå lagera våre i Tromsø og Trondheim, kanskje dei er glade i å bake kake der?

NEDTUR: Poteten har hatt en jevn nedtur siden midten av forrige århundre.   FOTO: Tor Erik Schrøder / NTB scanpix
NEDTUR: Poteten har hatt en jevn nedtur siden midten av forrige århundre. FOTO: Tor Erik Schrøder / NTB scanpix

Sukker kan som kjent blir brukt til så mangt, noko som bringar oss over til poteten. For denne rotknollen er framtida alt anna ein lys, ifølgje Spilling.

– Potet blir dagleg ete av 18 prosent i Oslo og mellom 30 og 40 prosent i resten av landet. Potetkonsumet har sokke over tid, og det er ikkje gode nyheiter for potetbonden. Her må ein finne nye metodar å lage han på viss potetar framleis skal hamne på middagstallerkenane våre.

VANER: Nordmenns melkedrikking er langt mer sporadisk i dag enn for 70 år siden, mens brunosten, ikke overraskende, er mest populær i Innlandet.  FOTO: NTB scanpix /
VANER: Nordmenns melkedrikking er langt mer sporadisk i dag enn for 70 år siden, mens brunosten, ikke overraskende, er mest populær i Innlandet. FOTO: NTB scanpix /

Nytt og gammalt

Når nye produkt skal introduserast i butikkane, får kvar vare litt tid før butikkjedene bestemmer seg for om det er liv laga for akkurat dette produktet, fortel Helgesen i Kiwi.

– For varer som blir lanserte nasjonalt, er tommelfingerregelen at produktet skal vere i butikkane våre i minst to nyheitsvindauge. Vi har nyheitsvindauge i februar og i september, i tillegg til at det ofte er nokre endringar for sesong i mai.

Regionale forskjellar i vareutval

Det er store forskjellar i vareutvalet mellom norske regionar. Forskjellane er særleg store mellom Austlandet på den eine sida og Midt-Noreg og Nord-Noreg på den andre, ifølgje Forbruksforskningsinstituttet SIFO.

I viktige kategoriar som frukt og grønt er vareutvalet i Nord-Noreg og Midt-Noreg vesentleg lågare enn på Austlandet, medan for ein kategori som sjokolade er vareutvalet tilnærma likt.

I Nord-Noreg har butikkane 67 % prosent av juiceutvalet, 71 % av mjølkeutvalet og 77 % av grønsakutvalet samanlikna med Oslo-butikkar.

Butikkane med størst totalt vareutval finst på Austlandet, med eit estimert gjennomsnittleg vareutval i Oslo på 3880 varer, Østre Østland på 3979 varer og Veste Østland på 3952 varer. Vestlandet, Midt-Noreg og Nord-Noreg har estimert gjennomsnittleg vareutval på høvesvis 3678, 3463 og 3280 varer.

Logistikken med omsyn til ferskvarer er ifølgje SIFO hovudgrunnen til at mange regionar i Noreg har mindre utval i butikkane enn det sentrale Austlandet. SIFO påpeikar samtidig at forskjellane er problematiske i eit folkehelseperspektiv.

Kilde: Rapporten «Kartlegging av utviklingen i butikkstruktur, dagligvareutvalg og dagligvarepriser», Forbruksforskningsinstituttet SIFO 2019

Ho seier dei fleste produkta gjerne ligg lengre enn det òg, slik at ein får testa dei gjennom alle sesongar og periodar før det blir gjort ei vurdering av om det er ein suksess eller ikkje.

Blir vara vurdert som ein suksess, kan ho bli lenge, men alt har ein ende.

– Lohengrin-sjokoladen vart tatt ut i fjor, etter 108 år på marknaden, seier Helgesen.

ULIKE VANER: Hvor du bor, er ofte med på å styre hva som havner i handlekurven.  FOTO: Maskot / NTB scanpix
ULIKE VANER: Hvor du bor, er ofte med på å styre hva som havner i handlekurven. FOTO: Maskot / NTB scanpix

Neste artikkel

Høyre og Sp vil til bunns i millionstøtten til omstridt kostholdsprosjekt