Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Salet av mjølk har auka under koronakrisa

Nordmenn har drukke om lag ein million liter meir mjølk i første kvartal i år enn i fjor.

Nordmenn har drukke om lag ein million liter meir mjølk i første kvartal i år enn i fjor. Foto: Christiane Jordheim Larsen
Nordmenn har drukke om lag ein million liter meir mjølk i første kvartal i år enn i fjor. Foto: Christiane Jordheim Larsen

Forbruket av mjølk i Noreg har falle i årevis. I løpet av dei siste ti åra har forbruket av mjølk per nordmann gått ned med 1,5 liter årleg. Men dette har koronakrisa endra på.

I mars auka salet av mjølk i daglegvarebutikken med heile 14 prosent, skriv NRK.

– I krisetider søkjer vi det som er sunt, trygt og med høg kvalitet. Vi er derfor utruleg glade for at mjølkesalet no går til himmels, og trur dette er ein varig endring, seier Ida Berg Hauge, direktør i Opplysningskontoret for Meieriprodukter, til kanalen.

Annonse

Annechen Bahr Bugge, som er forskar og ekspert på forbrukaråtferd og kultur ved Oslomet, trur blant anna at sårbarheit, som vi har sett under koronapandemien, har fått folk til støtte norsk produksjon og arbeidsplassar.

– Vi har tillit til norsk matproduksjon. Den er kortreist. Folk støttar bonden og har verkeleg forstått kor viktige bøndene er, seier Bugge.

(©NPK)

Neste artikkel

I dag er det verdens melkedag